Nettmøte: Rekruttering og kontinuitet i barne- og ungdomsaktivitetar
Korleis kan vi arbeide med rekruttering til folkedansen? Korleis får vi born og unge til å bli verande i lokallaget? Korleis kan vi bygge gode, sosiale miljø samt gje faglege utfordringar til dei unge?

Tysdag 23. mars kl. 19:30-20:30 vil Anette Figenschou frå Bodø dele av sin rikhaldige erfaring som instruktør og lærar om korleis ho har arbeidd med folkedans med born og ungdom. Anette er ein dyktig instruktør og eit erfarent organisasjonsmenneske som har vore sentral i arbeidet med og utviklinga av Ungdomsringen Salten, Bodø folkedanslag og BUL Bodø sidan 2002. Ho er lærar i barneskulen og har mykje erfaring med dans i skulen. Dei seinare åra har ho også vore med å utvikla Folkepedia og instruktørmodellen til NU.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
gklhjkø
jklæ
20. november 2026


Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


