No kan du søke om å vere med på Nordring!
Nordring er eit inspirasjonskurs og ei kulturutveksling for ungdommar i alderen 18-25 år. Kurset rettar seg mot deg som vil fordjupe deg i nordiske folkedans-, og folkemusikktradisjonar i lag med jamaldra, dele dine eigne erfaringar og samtidig lære meir om dei andre nordiske tradisjonane. 6.-10.april 2023 blir Nordring arrangert i Danmark, og no kan dei som er i aldersgruppa søke om å vere med!

Nordring blir arrangert året før NORDLEK-stemnet og går på rundgang mellom dei nordiske landa og sjølvstyrte områda i Nordlek-samarbeidet. No er det altså Danmark sin tur. Det er berre seks deltakarar, fire dansarar og to musikarar frå kvart land og sjølvstyrte område, som får delta. Så om du ønsker å vere med, er du velkommen til å søke innan fristen 20. desember! Søknadsskjemaet finn du her.
Her kan du kan lese meir detaljert informasjon om Nordring 2023.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

