Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

No må vi få fart på folkedans-Noreg

Noregs Ungdomslag har saman med fleire aktørar på folkedansfeltet signert på eit brev sendt til forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, med sterk oppmoding om statleg finansiering av eit bachelorstudie i utøvande folkedans.

foto av dansarar.

–Nå må vi få fart på folkedans-Norge, seier Ellen Krageberg frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans. –Vi trenger flere med formell utdanning. Da kan miljøet vokse slik vi trenger, med flere kunnskapsrike profesjonelle danser, flere folk som kan undervise i kulturskolen, flere folk som kan tilby gode opplegg til den kulturelle skolesekken, og flere som kan og vil undervise i folkedansfrivilligheten.

Heile folkedansmiljøet krev at det undervisningsklare studiet innan utøvande folkedans, som ligg klart hjå Universitetet i Sørøst-Norge, blir finansiert over statsbudsjettet og vender seg no til ministrane for kultur og forsking for å få det på plass.

Her kan du lese heile brevet.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

No må vi få fart på folkedans-Noreg | Noregs Ungdomslag