Noregs Ungdomslag søkjer kulturrådgjevar-vikar
Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 000 medlemmer og over 300 lokallag rundt om i heile landet.

Kulturrådgjevar (vikariat)
Noregs Ungdomslag har ledig eit eittårs vikariat i 100% stilling som kulturrådgjevar. Kulturrådgjevarane våre følgjer opp organisasjonen sitt arbeid innanfor dei ulike fagfelta. Vikariatet vil ha oppgåver innanfor både opplæring, levande kulturarv, teater og folkedans.
Sentrale oppgåver:
- Oppfølging av gjesteinstruktørordningane
- Utvikling, planlegging og gjennomføring av kurs og andre arrangement
- Utvikling av fagleg tilbod retta mot medlemmer og lokallag.
- Utvikling og oppfølging av prosjekt
- Produsere innhald på nettsider og andre informasjonskanalar
- Oppfølging av arbeidsplan og styrevedtak.
- Utadretta kulturpolitisk arbeid.
- Kontakt med, oppfølging av og bistand til medlemmer og lokallag.
Stillinga arbeider svært sjølvstendig på sine fagfelt, og stillinga vil bli forma av personen som har stillinga. Det er likevel eit tett samarbeid med dei andre tilsette i administrasjonen når det gjeld planlegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak som går på tvers av fagfelta.
Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar:
- Organisasjonserfaring eller erfaring frå det frivillige kulturfeltet
- Erfaring med å planlegge og gjennomføre små og store arrangement.
- Kjennskap til fagområda våre
- Evne til å sette deg inn i nye fagområde og nye arbeidsmetodar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Komfortabel i bruk av digitale verktøy
- Minimum 3-årig høgare utdanning. Tidlegare arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet.
Hos oss får du:
- Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
- Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmer og tillitsvalde.
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet, sentralt i Oslo sentrum.
- Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter tariffavtale.
Praktisk om stillinga:
- Eittårs vikariat i 100% stilling
- Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast.
- Administrasjonsspråket i Noregs Ungdomslag er nynorsk
- Oppstart så snart som mogeleg
For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum, på telefon 934 22 756 eller kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, på tlf. 24 14 11 15. Send søknad og CV til magni@ungdomslag.no innan 1. oktober 2023.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

