NU er no ekspertorganisasjon i UNESCO
– Dette er ei viktig verdsetting av det arbeidet vi allereie har drive med i 125 år og viser at organisasjonen er verdsrelevant. Vi er stolte over å skape møteplassar mellom generasjonane og bidra til at tradisjonane held fram og utviklar seg vidare, seier leiar i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen.

Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, og dei godkjende ekspertorganisasjonane har ei rådgjevande rolle i arbeidet med å ta vare på kulturarven. Vedtak om godkjenning av Noregs Ungdomslag som ekspertorganisasjon, vart gjort av generalforsamlinga i UNESCO-komiteen for vern av immateriell kulturarv i juli 2022.
Levande kulturarv
Handverk, dans, munnleg forteljing og ritual er døme på tradisjonar som fell inn under omgrepet immateriell kulturarv.
– I vår over 125 år lange historie har fleire av desse tradisjonane vore kjernen i aktiviteten i Noregs Ungdomslag. Mellom generasjonar har dans, musikk, handverksteknikkar og forståing for ulike tradisjonar blitt overført gjennom aktivitet i lokalmiljøa i organisasjonen, fortel Lauen.
Samla sett sit Noregs Ungdomslag med sine 14 000 medlemar i 350 lokallag på ein rik og levande kunnskapsbank, og gjennom aktiviteten har fleire ulike former for immateriell kulturarv overlevd frå ein generasjon til den neste.
Arbeid med immateriell kulturarv handlar i stor grad om medvit og forståing for at det ein driv med eller sit på av kunnskap, ikkje overlever av seg sjølv. For mange kan omgrepet immateriell kulturarv verke framandt, men når ein snakkar om den lokale dansetradisjonen eller om korleis ein arrangerer juletrefest, så kjenner mange seg igjen.
Gjennom aktivitetane til Noreg Ungdomslag, vert kunnskap og kulturutrykk overlevert frå generasjon til generasjon.
Bunadbruk på UNESCO-lista
Dei siste åra har organisasjonen delteke i arbeidet med å nominere den allmenne bunadbruken i Noreg til UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
– Dette arbeidet har gitt betre forståing for og medvit kring arbeidet med vern av den kulturarven vi er ein del av. Noregs Ungdomslag ser på det som ei viktig oppgåve å ta så godt vare på dei levande tradisjonane og tradisjonskunnskapen som mogleg, seier leiar i ungdomslaget, Torbjørn Bergwitz Lauen. Organisasjonen ønskjer å ta ein større del i dette arbeidet gjennom mellom anna å synleggjere den kompetansen dei sitt på både lokalt og nasjonalt.
Lauen ser fram til å bidra i arbeidet i UNESCO. Som ekspertorganisasjon, vil Noregs Ungdomslag få høve til å delta i eit eige internasjonalt nettverk for kommunikasjon, utveksling og samarbeid mellom organisasjonar som er akkrediterte etter 2003-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Det vil bli høve til å auke samarbeidet nasjonalt både med frivillige organisasjonar, statlege ledd og styresmaktene. I tillegg er det grunn til å tru at NU kan få ein større rådgjevande funksjon enn tidlegare innanfor dei kjerneområda som organisasjonen jobbar med.




Fleire aktualitetar
Sjå alle
Kven Veit? 2026: Resultat etter 2. runde
Andre tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått igjennom svara og kan avsløre at pallplasseringane har endra seg sidan førre runde, og at det er mange lag som knivar om topplasseringa.
2. april 2026


Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!
27. mars 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026
