NU-helga 2025
Helga 17.–19. oktober samla rundt 50 ungdomslagsmedlemmar seg i flotte Siddis-stova, då BUL Stavanger stod som vertskap for årets NU-helg. I løpet av tre flotte haustdagar fekk deltakarane både fagleg og kulturelt påfyll, med kurs, diskusjonar, organisasjonsarbeid og sosiale aktivitetar.

125 år med Bondeungdomslaget Stavanger
I år har BUL Stavanger markert eit imponerande jubileum. Det er nemleg 125 år sidan laget blei skipa 21. september 1900. Den første samlinga fann stad i «Organiserande Arbeidersamfunds» lokale på Fisketorget, der ein flokk ungdommar kom saman, inspirerte av den nasjonale rørsla som sveipte over landet:
"Dei ville skipa eit lag desse ungdommane, der dei kunne samlast om sams hugmål, og der dei ei og anna kveldstunda kunne sjå ikring seg noko av den kulturen norsk landslag og norske livstilhøve hadde fostra."
- Bondeungdomslag gjennom 50 år: 1900-1950, Vestbø O.A, Stavanger, 1950
Gjennom dei 125 åra som har gått, har BUL Stavanger sett sitt tydelege preg på byen. Kaffistova som opna i 1904 blei eit viktig sosialt møtested i sentrum. Seinare kom lagshus, friluftskafé og møteplassar som samla folk om både kultur og fellesskap. I dag er Siddis-stova, bygd i 1996, laget sitt levande samlingspunkt. Eit stort, gult hus som rommar alt frå leikarring og teaterøvingar til bunadkurs og handverksmesser.

Dans, teater og bunad – eit levande lokallag
Dans og teater har vore hjartet i BUL Stavanger heilt sidan starten. Leikarringen møtast vekentleg for å danse, slik dei har gjort i over hundre år. Allereie i 1912 kom Klara Semb til Stavanger for å halde leikkurs, og den tradisjonen står sterkt den dag i dag.
Også teateret har hatt ein sentral plass i laget. Det første teaterstykket blei sett opp same året som laget blei skipa, og i 1907 fekk teatervirksomheita sitt eige styre. I dag er det Stavanger Amatørteater som fører arven vidare. Gruppa har øvingar kvar torsdag, øvingshelger og årlege framsyningar.
Under NU-helga fekk deltakarane oppleve utvalde scener frå Ringaren i Notre Dame. Framsyninga fekk både latter og applaus frå salen, og var eit strålande døme på teatergruppas arbeid.

I same hus held Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag til, med verkstad og kurs. Nemnda starta i 1980 med å revidere mannsbunaden for Rogaland, og med å samle kjeldemateriale og rekonstruere kvinnebunaden frå Ryfylke. I over tretti år har dei halde liv i dette handverket, og kvart år kjem ivrige syarar frå heile landet for å lære seg teknikkane som ligg bak desse bunadane.

Levande hus og levande historie
I tillegg til leikarring, teater og bunadskurs arrangerer BUL Stavanger den populære Haustmessa, tredje helga i november, kvart år. Dette har vore fast tradisjon sidan huset blei bygd. Her sel medlemmar og lokale utstillarar alt frå strikk og smykker til bakverk og biletkunst. Kafeen er eit sosialt samlingspunkt, og pågangen etter å få bod er stor.
I kjellaren under Siddis-stova ligg det òg ein liten overrasking: ein fullt fungerande, innandørs skytebane. Banen blei bygd samtidig som huset, men er ikkje så lett å få auge på. Fleire av dei yngre medlemmane veit knapt om denne banen – eit lite mysterium som gjer huset endå meir spanande. Banen blir brukt av Stavanger Helsesportlag.
Landsrådsmøte, teaterkurs og feiring av nye medlemstal
NU-helga blei ei flott markering av både tradisjon og framtid. Noregs Ungdomslag kunne feire at medlemstalet endeleg har bikka 14000 medlemmar. Dette blei feira med stor marsipankake laurdag 18. oktober.


I løpet av helga var deltakarane med på Landsrådsmøte, teaterkurs, og nettverksmøte i dei ulike fagfelta, og sosiale aktivitetar. Her fekk deltakarane både fagleg og kulturelt påfyll, og dei tilsette og styret fekk gode innspel dei kunne ta med seg i arbeidet vidare.
Vi takkar for ein strålande helg i lag, og gler oss til neste gong!
Sjå fleire bilete frå NU-helga under >







Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026


Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien
Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.
10. august 2026

