Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Ny generalsekretær og fleire endringar på NU-kontoret!

31. mai var ein litt spesiell dag på NU-kontoret, for medan Kai Roger Vatne hadde sin siste arbeidsdag som generalsekretær, hadde også kulturrådgivar Solveig Brekke Hauknes siste dag på kontoret før ho gjekk ut i eittårig permisjon.

foto av Magni

Kai Roger skal no jobbe som dagleg leiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Viken fylke, medan Solveig har fått eitt års permisjon frå NU-jobben for å ta fatt som produsent og frivillig-ansvarleg for kulturfestivalen Peer Gynt i Gålå. Det vil seie at ho skal halde styringa på alle arrangement på stemnet utanom sjølve teaterframsyninga. Det vil seie Høgsfjellskonserten, prisutdelingar og andre arrangement som er knytte til framsyninga. Vi håper at ho vil trivast, men vi håpar òg at ho kjem tilbake til oss om eit år!

Ny generalsekretær på plass

1. juni byrja vår nye generalsekretær Magni Hjertenes Flyum på NU-kontoret. Vi ynskjer ho hjarteleg velkomen og gler oss til å samarbeide. Fyrste dag på jobb var ingen forsiktig start for Magni. Etter å ha troppa opp og møtt kollegaene Mona, Alf Steinar og Beate på kontoret, og Christoffer over nett, samt helsa på alle dei andre kontorkollegaene i tredje etasje på Kulturvernets hus, deltok ho fyrst i styremøte i Studieforbundet, medan ho resten av dagen representerte NU saman med leiar Torbjørn B. Lauen på årsmøtet til Frivillighet Norge.

Foto.
Organisasjonskonsulent Alf Steinar Nekstad ønsker kulturrådgivar Solveig Brekke Hauknes lykke til det neste året. Dei har vore gode kollegaer dei siste fem åra. Foto: Beate Haugtrø / NU

Kulturrådgivarar

Medan Brekke Hauknes er i permisjon, held Mona Husby fram i vikariat som kulturrådgivar for bunad og teater, som opphavleg er stillinga til Kulturrådgivar Rita Sirirud Vatnehol.

Vatnehol er snart tilbake frå mammaperm, og jobbar frå august 80 prosent. Då skal ho halde i kulturrådgivar-stillinga til Solveig fram til ho er tilbake. Det er altså Rita de skal spørje framover, dersom de har spørsmål rundt arrangement som har med folkedans og folkemusikk å gjere. Merk at ho fram til august jobbar om lag 20 prosent, da primært med Havleik.

Rådgivarane for informasjon, organisasjon og kulturbygg

Elles på kontoret, er Beate Haugtrø informasjonsrådgivar snart på sjette månaden, og er glad for alle innspel frå engasjerte NU-medlemmar som ser både nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev frå utsida, og som veit kva informasjonsbehov de har.

Alf Steinar Nekstad held fortet som organisasjonskonsulent, og er glad for alle som leverer rapportar og søknader innan fristen (og som oppdaterer kontaktinformasjon i Hypersys!) og Christoffer Knagenhjelm held fram som rådgivar for kulturbygg, og er i desse dagar ekstra engasjert i Huset i Bygda Trøndelag, som no har starta for fullt.

foto.
Rådgivar for kulturbygg Christoffer Knagenhjelm i midten, saman med delar av Huset i Bygda-gjengen i Trøndelag. Foto: Beate Haugtrø / NU

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Ny generalsekretær og fleire endringar på NU-kontoret! | Noregs Ungdomslag