Ny krisepakke for frivilligheita
Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar.

Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.
- Krisepakken gjeld i perioden 12. mars til og med 31. august 2020.
- Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.
- Lag som har fått tildelt kompensasjon for arrangement tidlegare, kan søke på nytt for inntekt som ikkje var dekka under førre ordning.
- Det samla inntektsbortfallet i perioden kan ikkje være mindre enn 25 000 kroner.
- Søknadsfrist er 15. september.
Det kan søkast om kompensasjon for:
- Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
- Tapte billettinntekter frå annan spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
- Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
- Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet.
Det kan ikkje søkast om kompensasjon for:
- Sponsor- og reklameinntekter
- Pengegåver
- Medlemsinntekter
- Ordinære treningsavgifter
Send inn søknad
Start søknadsprosessen ved å trykke på lenka under. Det kjem først 10 ja/nei- spørsmål, der du kan sjekke om de kan søke på ordninga. Dersom de kan søke kjem du vidare til sida med søknadsskjemaet. Les gjerne òg spørsmål og svar om ordninga som de finn her!
Merk! Det blir nytta nemninga "organisasjonen" i søknadsprosessen, dette er her i meininga laget/fylkeslaget.
START SØKNADSPROSESSEN HER!
Treng de hjelp?
Ikkje alle på NU-kontoret har teke heilt ferie i juli, og du kan nå oss på telefon 24 14 11 10 og e-post post@ungdomslag.no

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

