Hopp til hovedinnhold

Søk om gjesteinstruktør for våren 2027. Frist 1.november.•Søk her

Nyheiter

Ny leiar i Noregs Ungdomslag

Tone Mjelde var seks år da ho byrja danse og leike i Mjeldalen Ungdomslag, og har vore aktiv innan teater i ungdomslaget sidan ho var lita. Lokallaget hennar og fellesskapet i Noregs Ungdomslag har vore avgjerande for Mjelde, og no er ho klar for å ta over som ny leiar i Noregs Ungdomslag.

Biletet viser ei dame med blondt hår, som smilar breidt, med ein blomebukett i armane, foran NU-logoen

- Organisasjonen vår er utruleg viktig for enkeltmenneske, bygder og heile samfunnet vårt, fortel Mjelde. Det er stort for meg å få lov til å leie dette arbeidet. Torbjørn har gjort ein fantastisk jobb i seks år. Han har lagt eit godt fundament for at me vil klare å få til mykje bra framover.

Mjelde trakk fram viktigheita av lokallaga i både eit folkehelseperspektiv og som ein organisasjon som fremmar demokratiske prosessar, og som er samlande i eit meir og meir polarisert samfunn.

Biletet viser Tone Mjelde på talarstolen under Landsmøtet 2025
Tone Mjelde tek over som ny leiar i Noregs Ungdomslag. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

- Hadde det ikkje vore lokallaget mitt, så veit eg ikkje kvar eg hadde vore i dag, eller om eg hadde vore, sa Mjelde i tiltredingstalen sin. I tunge tider var lokallaget ein plass å høyre heime, og å føle meistring, fortel ho. Dessutan møttest besteforeldra hennar kvarande i ungdomslagsaktivitet, og foreldra hennar møttest på ein dans i eit ungdomshus. Sjølv møtte ho sin partner i teaterlaget i ungdomslaget.

- Organisasjonen vår er utruleg viktig for enkeltmenneske, bygder og heile samfunnet vårt. Og i eit folkehelseperspektiv er eg heilt sikker på at Noregs Ungdomslag bidrar til betre fysisk og psykisk helse, seier Mjelde.

Tone Mjelde tek over etter Torbjørn Bergwitz Lauen, som har vore leiar i seks år.

Styre og arbeidsutval (AU) 2025

  • Tone Mjelde (1990), Hordaland Ungdomslag, Ny, 1 år, Leiar
  • Ida Haugen Skulstad (2003), Hordaland Ungdomslag, Supplering, 1.år, Politisk nestleiar/Au-medlem
  • Torgeir T. Fiane (1994), Aust-Agder Ungdomslag, 2 år, Org.nestleiar/AU-medlem
  • Marit Kvamen (1993), Hordaland Ungdomslag, ikkje på val, Styremedlem/Vara til AU
  • Terje Svindseth (1969), Bygdelagssamskipnaden, supplering 1.år, Styremedlem/Vara til AU
  • Tonje Johannessen Stabbetorp (1999), Eidsiva Fylkeslag, 2 år, Styremedlem
  • Roy Arne Brukbakk (1963), Nordland Ungdomslag, 2 år, Styremedlem
  • Marie Nicolaisen (1985), Bygdelagssamskipnaden, 1 år, 1. vara til styret
  • Veronika Hope Leilleng (1995), Troms Ungdomsfylking, 1 år, 2. vara til styret
  • Anne Cathrine Johansen (1978) Bygdelagssamskipnaden, 1 år, 3. vara til styret

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026