Hopp til hovedinnhold

Søk om gjesteinstruktør for våren 2027. Frist 1.november.•Søk her

Nyheiter

Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko!

Noregs Ungdomslag har fått ein ny medlemsfordel! Gjennom eit samarbeid med Dansebutikken.no får medlemmane våre no 10 % rabatt på alle varer i nettbutikken – også på varer som allereie er sett ned i pris.

Logo dansebutikken.no

Den nye medlemsfordelen er ein del av arbeidet med å gi meirverdi til medlemskapen i Noregs Ungdomslag. Er du medlem og på jakt etter nye dansesko, kan det vere verdt å ta ein titt før neste øving, kurs eller dansefest!

Dansebutikken har sidan 1998 hatt som mål å bli heile Noregs førsteval når det gjeld dansesko. Med over 1300 skopar på lager frå 15 ulike leverandørar finn du sko til dei fleste danseformer og behov. Enten du dansar folkedans, swing, linedance, tango, jazz, latin eller hip-hop, er det gode sjansar for å finne noko som passar.

For folkedansarar vil me særleg tilrå sko med lærsåle, eller andre sålar som har litt gli. Mange nyttar dansesko også til øving og kurs, fordi dei gir god rørsle og mindre belastning enn vanlege joggesko. Eit populært alternativ er til dømes Mario-modellen frå Rumpf.

Du finn meir informasjon om medlemsfordelen og korleis du nyttar han på sida for medlemsfordelar.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko! | Noregs Ungdomslag