Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Ny sjekkliste skal hjelpe kulturaktørar å nå fleire

Kulturalliansen lanserer Kulturrettleiaren. Eit nytt verktøy for meir inkluderande og tydeleg kommunikasjon i frivillig kulturliv.

Biletet visar prosjektgruppa bak Kulturvegleiaren

Korleis kan lokallag og foreiningar nå ut til fleire enn dei som allereie kjenner til aktiviteten? Dette spørsmålet har vore utgangspunktet for Kulturalliansen sitt arbeid med Kulturrettleiaren, som vart lansert måndag 3. november.

Biletet viser tre menneske som syng og spelar musikk
Line Schøyen Andersen frå Dissimilis sto for den musikalske opninga av lanseringa. Foto: Noregs Ungdomslag

Verktøyet består av ei sjekkliste og ei digital rettleiing, som skal hjelpe organisasjonar med å kvalitetssikre informasjon dei deler, slik at fleire får vite om aktivitetane som finst i nærmiljøet.

- Ein av dei største barrierane for deltaking i kulturlivet er faktisk manglande informasjon. Mykje blir kommunisert internt og med ord og utrykk som berre dei «innvigde» skjønar. Dette ville vi gjere noko med, seier prosjektleiar Marie Hustad frå Kulturalliansen.

Kulturrettleiaren er utforma som ein interaktiv PDF, der brukarane kan trykke seg nedover ulike punkt for å sjekke alt frå språkbruk og tilgjenge, til korleis ein kommuniserar inkludering. Noregs Ungdomslag har hjelpt til å lage nynorsk-versjonar av både sjekklista og rettleiaren, slik at Kulturrettleiaren blir tilgjengeleg på begge språk om kort tid.

Arbeidsgruppa bak Kulturvegleiaren, f.v. Martine Rieck (Dissimilis), Katja Furnes (Norges Musikkorpsforbund), Marie Hustad (Kulturalliansen), Ida Charlotte Finstad (Ung i Kor) og Sunniva Molvær Ihlhaug (Dissimilis).
Arbeidsgruppa bak Kulturvegleiaren, f.v. Martine Rieck (Dissimilis), Katja Furnes (Norges Musikkorpsforbund), Marie Hustad (Kulturalliansen), Ida Charlotte Finstad (Ung i Kor) og Sunniva Molvær Ihlhaug (Dissimilis). Foto: Noregs Ungdomslag

Verktøyet er testa ut på to pilotar: Ung i Kor og Norges Musikkkorpsforbund. Begge har hatt gode opplevingar med verktøyet, som har som mål å vere eit hjelpemiddel – ikkje meirarbeid – for frivillige som driv lokale kulturaktivitetar.

Sjekklista er praktisk og nyttig, og rettleiaren gav oss interessant innsikt i rekruttering. Rekruttering er ferskvare, så dette er noko vi jobbar aktivt med.

Sjekklista og rettleiaren er eit verktøy vi ønskjer å bruke sjølve i våre rekrutteringsprosessar, og vi kan tilrå dette til andre kulturorganisasjonar. - Hobøl skulekorps

I samband med prosjektet har Kulturalliansen kartlagt eigne kulturlokale i 25% av landets kommunar. Heile 80% av dei frivillige organisasjonane dei kartla meldte om ledig kapasitet på sine aktivitetar. Det handlar med andre ord om å nå ut til alle dei som ikkje veit om aktivitetane frå før. Ved hjelp av Kulturrettleiaren håper Kulturalliansen at dette skal bli enklare.

Kulturrettleiaren finn du her.

Dokumentet fungerar best når den opnast i Acrobat, så det er anbefalt å laste ned den lenka fila (ikkje printversjonen), for betre å nytte den interaktive PDFen.

Vi vonar alle våre lokallag får stor nytte av dette nye verktøyet!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Ny sjekkliste skal hjelpe kulturaktørar å nå fleire | Noregs Ungdomslag