Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Ny stimulerings- og kompensasjonsordning

Kulturdepartementet har lansert den nye stimulerings- og tapskompensasjonsordninga (korona-kompensasjon).

Ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021.
Hugs at laget må vere registrert i Frivilligheitsregisteret for å kunne søke.

Med unntak av at nedre tapsgrense på 25 000,- er fjerna, er ordninga i det store og heile lik slik den var i 2020.

SØKNADSFRIST 15. SEPTEMBER.
Trykk her for å kome til søknadsskjema.

Lokallag kan søke om:

  • Støtte til meirkostnadar til smitteverntilpassing. Dvs. delvis eller heilt gjennomført arrangement: Inntil 70% av søknadssummen
  • Avlysing av arrangement som følgje av myndigheitspålagte koronarestriksjonar: Inntil 50 % av søknadssummen.

Kontakt rådgjevar Christoffer Knagenhjelm om de har spørsmål om ordninga: christoffer@ungdomslag.no eller 480 04 817.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Ny stimulerings- og kompensasjonsordning | Noregs Ungdomslag