Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Ny støtteordning for koronatap

Kulturdepartementet har lytta til Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda og har sett av eigne midlar til dei laga som fell utanfor dei ordinære krisepakkane, og som har hatt meirkostnader og/eller mindreinntekter som følgje av koronapandemien. 

oppstilt bilde.

Kulturdepartementet gir eit særskilt tilskot på fem millionar kroner til ordninga.

- Vi veit at tilgang på lokale kan vere ei utfordring for frivilligheita. Enkelte lokale grendehus, ungdomshus, samfunnshus, bygdehus eller liknande som driv ikkje fortenestebasert aktivitet, fell utanfor stimuleringsordninga for dei ikkje har registreringsrett i Frivillighetsregisteret. Eg er glad for at vi no kan gje desse eit eige tilskot, seier kulturminister Abid Raja i ei pressemelding sendt ut av Kulturdepartementet.

I samband med lanseringa av ordninga, drog Abid Raja til Grorud samfunnshus i Oslo kor han møtte dagleg leiar Steinar Arnesen, styreleiar David Gulstad, samt Kai Roger Vatne som er generalsekretær i NU.

- Dette er heilt klart sårt trengte midlar, og vi er utruleg glade for at desse kjem på plass no, sa NU-generalsekretæren til Raja.

Grorud samfunnshus er organisert som samvirke, og har derfor gått glipp av Covid 19-kompensasjonsmidlar til no. Huset har partseigarar, deriblant BUL Oslo som er medlem i Norges Ungdomslag.

Tilskotet blir utbetalt til Noregs Ungdomslag som vil vidareformidle støtta til kulturlokale som har hatt meirkostnader eller mindreinntekter som følgje av pandemien. Søkjarar må vere registrerte i Brønnøysundregisteret og kunne dokumentere frivillig ikkje-fortenestebasert verksemd gjennom godkjende vedtekter.

Ordninga vil bli administrert gjennom Huset i bygda, eit prosjekt som er eigd og drifta av Noregs Ungdomslag. Huset i Bygda arbeider for å løfte fram og synleggjere organisasjonseigde kulturbygg som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.

Informasjon og søknadsskjema om den nye støtteordninga vert lagt ut på www.husetibygda.no innan kort tid.

Oppdatering 27. august: Meir informasjon og søknadskjema er tilgjengeleg her

NB! Lag som er registrerte i Frivillighetsregisteret, kan søkje på den ordinære stimuleringsordninga innan 15. november.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Ny støtteordning for koronatap | Noregs Ungdomslag