Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Nye etiske retningslinjer

Noregs Ungdomslag (NU) er tufta på eit frilyndt grunnsyn der vi har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.

Dei etiske retningslinjene til NU er ei samanfatting av den etiske praktisen og reglane for å overhalde desse.

Les dei etiske retningslinjene her!

Under punkt 2) Sette grenser vil du òg finne lenke til Retningslinjer for handtering av seksuelle overgrep, grenseoverskridande åtferd og trakassering i NU.

Styret vedtok òg å opprette eigne verneombod for Noregs Ungdomslag som medlemmar kan melde inn saker til som omhandlar seksuelle overgrep, grenseoverskridande åtferd og trakassering, og brot på HMT/HMS-regelverket. Verneomboda skal vere ein nøytral kontaktperson og kan bistå medlemmar i kontakta med sitt lokallag der dei føler dette er vanskeleg.

Verneombod per 22.11.2020 er:
Bjørn Arve Moen, styremedlem
Solveig Brekke Hauknes, kulturrådgjevar NU-kontoret

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Nye etiske retningslinjer | Noregs Ungdomslag