Nye heidersmedlemer
Å bli utnemnt til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag noko svært få har fått oppleve.

Fram til 2019 var det berre 10 personar som hadde fått denne tittelen. Det er ei stor ære for oss i NU å kunne utnemne heile to nye heidersmedlemer i vårt 125-årsjubileum.
Våre ellevte og tolvte heidersmedlem er Dag Vårdal og Tor Stallvik!
Både Dag og Tor er dyktige fagpersonar som har hatt mykje å seie for folkedansen, organisasjonsarbeidet og for folkemusikken både i og utanfor NU. Dei har vore aktive i organisasjonen i mange år, både som tilsette, tillitsvalde og som instruktørar. Dei har skrive bøker, gjeve ut CDar, reist land og strand rundt og vore aktive både nasjonalt og lokalt.
Grunna situasjonen kring COVID-19 vart overrekkinga og overraskinga av heidersmedlemskapet noko annleis enn normalt. Dei vart båe overraska heime hjå seg sjølv i smittevernvenlege rammer. Vi har filma utdelingane, som du kan sjå til høgre i margen på denne sida. I tillegg kjem det nokre lengre filmar etter kvart der ein får høyre litt tankar frå både Dag og Tor om deira liv i NU og i miljøet.
Vi gratulerer Dag Vårdal og Tor Stallvik og er glade for å få lov til å omtale dei som våre nyaste heidersmedlemer i organisasjonen.
Les meir om både Dag Vårdal og Tor Stallvik ved å klikke deg inn på denne sida vår, der du også finn oversikt over dei tidlegare utnemnte heidersmedlemene våre: www.ungdomslag.no/om-oss/heidersmedlem/

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

