Nyheitsbrev 24. februar
I dette nyheitsbrevet minner vi om påmelding til landsmøtehelga, og tipsar samtidig om kurset UngtDemokrati, med samling under landsmøtehelga. Kjenner de nokon engasjerte ungdommar, så tips dei gjerne om dette gode tilbodet!

Vi minner òg laga om å oppdatere styret i Hypersys, så snart de har gjennomført årsmøtet dykkar. Dette er viktig for at vi skal nå ut med informasjon og nyheitsbrev til dei rette personane.
Det blir grunnleggande instruktørkurs i folkedans i Arendal 25.-26.mars, og teaterinteresserte kan no søke om støtte til amatørteateraktivitet i grupper. Vi vidareformidlar òg at lag som ikkje har ein hjartestartar i forsamlingshuset sitt, kan søke om gratis hjartestartar og førstehjelpskurs gjennom Ida Eides minnefond.
Heile nyheitsbrevet kan de lese her.
Lenker til tidlegare nyheitsbrev finn du samla her

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

