Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Nynorskens framtid under lupa Arendalsuka

Korleis står det til med nynorsken i dag, og korleis vil språkmangfaldet i Noreg sjå ut i framtida? Det var hovudspørsmålet då Nynorsk forum samla forskarar, politikarar og språkfolk til ein språkpolitisk verkstad måndag 11.august, under Arendalsuka 2025. Seinare inviterte Noregs Mållag til debatt om sidemålet, i "Det store Sidemålslaget".

Paneldebatt under Arendalsuka

Arrangementet var delt i tre bolkar. Først sto norsk fagspråk i akademia på dagsorden. Professor Unn Røyneland (UiO) og førsteamanuensis Marita Kristiansen (UiB) skal leie kvart sitt forskingssenter for norsk fagspråk frå hausten 2025. Dei peikte på at det er engelsk som er det dominerande språket innan forsking og høgare utdanning. Det har blitt ein tendens i akademia at norsk er eit språk ein brukar «heime på kjøkenet», medan engelsk blir brukt som fagspråk i forskinga. Dei aller fleste doktorgradsavhandlingar blir i dag skriven på engelsk, og det same gjelder fleire og fleire masteroppgåver. Behovet for å styrkje norsk – både bokmål og nynorsk – som fagspråk, er derfor stort. Like viktig er satsinga på klarspråk, da det norske fagspråket slik det er no, kan vere nærmast ugjennomtrengeleg for den gjengse lesar, seier Røyneland.

Stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap) understreka at eit levande norsk fagspråk er viktig for demokratiet. Den akademiske valfriheita er likevel viktig, og ho vil premiere bruk av norsk, heller enn å straffe dei som vel engelsk i høgare utdanning.

Biletet viser to mennesker på ei scene under ein debatt
F.v. Åse Wetås (Språkrådet) og Svein Olav Langåker (LNK) under Arendalsuka 2025. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

I den andre bolken vart teknologigigantane og språket i den digitale verda diskutert. Svein Olav Langåker (LNK) la fram tal som viser store feil i dei digitale skriveprogramma, særleg på nynorsk. Dette skaper store utfordringar for elevar som skal lære å lese og skrive. Når ord som er riktige på nynorsk får raud strek, medan til dels grove språkfeil ikkje blir plukka opp, blir det vanskeleg for elevane å vite kva som er rett. Åse Wetås (Språkrådet) åtvara om at KI og store språkmodellar kan svekkje små språk som norsk og bidra til mindre språkleg mangfald. Dei nye teknologiske modellane som ChatGPT fungera svært godt for store språk som engelsk, men ein skal ikkje lenger enn til Tyskland og Frankrike før språket blir dårlegare.

Vi kan ikkje la språket til barna våre bli styrt frå eit kontor i Silicon Valley. -Olav Øyehaug Opsvik, sekretær i Nynorsk, og ordstyrar for arrangementet.

Statssekretær Marianne Wilhelmsen (Ap) visar til at KI kan vere ein nøkkel for å løyse mange utfordringar i Noreg, men er einig i at ein opna for bruk av KI på skulene litt for fort. Det er behov for å gjere nokre grep for å sikre god språkundervisning i dei norske skulene, og Wilhelmsen peikar på at den raudgrøne regjeringa har gitt 40 millionar kroner til utvikling av norske språkmodellar.

Siste del av den språkpolitiske verkstaden tok for seg framtida til nynorsken. Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge var samde med Wetås om at nynorsk kan overleve – men berre dersom språkpolitikk blir prioritert. Nynorsk må få større plass i skule og kultur, og haldningane til språket blir betre. Den norske språklova fastslår at nynorsken skal gis eit særleg vern, og det er viktig at politikarane føljer opp dette, seier Wetås. Dei peikte på Wales som eit førebilete, der det er sett ambisiøse mål og store midlar for å styrkje walisisk språk. Målet er å få ein million brukarar av det walisiske språket. – Tenk om ein kunnse gjere det same for nynorsken, seier Lofnes Hauge.

HEIT ORDVEKSLING OM SIDEMÅLET

Seinare samme dag møttest politikarar, språkfolk og målrørsla til ein engasjert debatt: «Det store sidemålslaget». Spørsmålet var om sidemålsordninga i skulen står for fall dersom Høgre og Framstegspartiet får regjeringsmakt etter valet.

FrP, representert ved Sigbjørn Framnes, argumenterte for valfridom og ville la elevane velje vekk sidemålet heilt. Han meinte tvang skaper motvilje og at elevane bør få konsentrere seg om hovudmålet sitt. Høgre, representert av Kitty Theobald Gjerland, ønskte å fjerne karakter og eksamen i sidemål for å redusere talet på norsk-karakterar frå seks til fire, men utan å fjerne nynorskopplæringa.

På motsett side stod Venstre, Arbeidarpartiet og Noregs Mållag. Sveinung Rotevatn (V) forsvarte karakteren som ein garanti for at sidemålet blir prioritert i undervisninga, og peikte på at reell valfridom krev at alle faktisk lærer begge målformer. Lise Selnes (Ap), som også var med på språkverkstaden tidlegare på dagen, viste til sin erfaring som norsklærar, og kunne fortelje at sidemålet styrkjer språkforståinga for alle elevar – også dei fagleg svakaste. Peder Lofnes Hauge frå Noregs Mållag åtvara om at kompetansen forsvinn dersom sidemålet ikkje tel på vitnemålet: - I ein karakterstyrt skule brukar ingen tid på det som ikkje tel, sa han.

Debatten vart tidvis skarp, med diskusjonar om haldningar til nynorsk, språkleg likestilling og kva som gjer undervisninga mest læringsfremjande. Venstre og Ap viste til forsking som syner at fleire språk styrkjer både generell språkkompetanse og kompetanse i andre fag, deriblant realfag. FrP og Høgre meinte at mindre tvang ville skape større motivasjon.

Språk er kulturberande, og om ein legg opp til ein politikk ser slike ting forvitrar vil vi miste mykje. - Sveinung Rotevatn

Til slutt stod to syn tydeleg mot kvarandre: sidemålet som ein unødvendig byrde, eller som ein nøkkel til å sikre språkleg likestilling og auka språkforståing utover nynorsken i seg sjølv.