Over 9 millionar kroner på veg til lokallaga
Noregs Ungdomslag betalar no ut over 9 millionar kroner til lokallaga rundt om i landet. Dette er momskompensasjon for 2024 og Frifond-tilskot, og vil vere på konto før nyttår.

7,6 av desse 9. millionanen er momskompensasjon for rekneskapsåret 2024 som nå fordelt vidare til lokallag som har søkt. I denne utbetalingsrunda har ikkje laga fått innvilga full momskompensasjon. Dette er fordi dette er ei ordning som er rammestyrt. Det betyr at Stortinget set ei øvre ramme for kor mykje pengar som skal bli delt ut totalt. Når den samla summen av godkjende søknadar er høgare enn budsjettramma, blir det gjort ei lik prosentvis avkorting for alle søkarar.
For 2024 er momskompensasjonen avkorta med om lag 8,2 prosent, og det er grunnen til at laga no ikkje får utbetalt heile det godkjende søknadsbeløpet Regjeringa har forsøkt å rette på dette ved å løyve 257 millionar ekstra til ordninga i budsjettsalderinga i Stortinget 22. desember. Dersom dette vert vedteke vil de få ei ekstra utbetaling i januar.
Noregs Ungdomslag arbeider kontinuerleg politisk for at momskompensasjonsordninga skal bli fullfinansiert, slik at frivillige lag og organisasjonar får dekka heile meirverdiavgifta dei har hatt utgifter til.
Her kan de sjå fordelinga av momskompensasjon for rekneskapsåret 2024 (pdf).
Les kva Frivillighet Norge skriv om årets momskompensasjonsutbetaling her.
Frifond gir eit ekstra løft til barne- og ungdomsaktivitet
I tillegg til momskompensasjonen blir også Frifond-midlar betalte ut i same periode. Frifond støttar aktivitet for barn og unge, og er eit viktig bidrag til levande lokallag og lågterskeltilbod i heile landet. Årets frifond-pott er på om lag 2 millionar kroner.
Samla sett gir desse utbetalingane eit solid økonomisk fundament for vidare aktivitet og frivillig engasjement i lokallaga.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


