Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nytt langtidsprogram 2023-2030

På landsmøtet 22.-24. april 2022 skal vi vedta nytt langtidsprogram for Noregs Ungdomslag, då det gjeldande programmet tek slutt ved utgangen av 2022. Styret sette i juni 2021 ned eit utval som skal jobbe med nytt framlegg til langtidsprogram. Utvalet skal sende ut sitt framlegg til langtidsprogram i januar 2022. Fram til det ønskjer utvalet innspel, tankar og formuleringar tilsendt frå medlemmar, lokallag og fylkeslag.

illustrasjon.

Les meir om arbeidet med langtidsprogrammet til no samt plan for innspelsmøter ved å trykke her.

  • Organisasjonen er i endring. Korleis ser NU ut om åtte år?
  • Temaene i langtidsprogrammet vil definere kva NU skal prioritere dei neste åtte åra. Kva tenker du – er dette dei fem riktige temaene?
  • Me skal formulere fleire ambisjonar under kvart tema. Kva ambisjonar tenker du bør vere med?

Alle innspel skal sendast direkte til mona@ungdomslag.no innan 16. januar 2022.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Nytt langtidsprogram 2023-2030 | Noregs Ungdomslag