Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Nytt liv i gamle bygg – Kulturbygg lanserer Gjenklang

Korleis kan gamle, tomme bygg få nytt liv, og samtidig revitalisere lokalsamfunnet? Dette er spørsmålet Kulturbygg vil svara på med si nye nasjonale satsing Gjenklang, som blei lansert på Sentralen i Oslo tysdag 11. november.

Biletet viser Trude Storheim frå Kultur- og likestillingsdepartementet som pratar foran ein skjerm

Eit nytt nasjonalt program

Gjenklang er eit nasjonalt utviklingsprogram for dei som vil skape kulturaktivitet i eit allereie eksisterande bygg. Satsinga er eit samarbeid mellom Kulturrom, Sparebankstiftinga DNB og Samfunnsløftet – Sparebank 1 Nord-Norge.

Programmet er meint å hjelpe lokalsamfunn og kulturaktørar med å utforske potensiale i bygg som alt finst. Gjenklang skal gi støtte til prosjektutvikling i ein tidleg fase av prosessen: Frå innsikt og utgreiing til dokumentasjon og endeleg avgjerd.

- Kulturlivet er ein viktig arena for å byggje tillit og fellesskap. Kultur gir meir tilbake enn det kostar. Det skapar levande lokalsamfunn, som igjen vil auke skatteinntekter, sidan folk blir verande. Men det krev rom, vart det understreka under lanseringa.

Når kultur flyttar inn, får bygget puls

Gjennom formiddagen vart fleire inspirerande døme presentert. Vivian Haverstadløkken fortalte om korleis dei på Lillehammer har gjort ein tidlegare røyrleggjarverkstad om til eit fleiretasjes kulturbygg ved namn Heartbox. Felix Mortimer kom heilt frå England for å fortelje om The Ladder i Redruth – eit 130 gamalt bibliotek som no husar barnehage, øvingsrom og arbeidsplassar for kunstnarar. Stian Schjelderup fortalde om prosessen med å gjere Sofienberg kyrkje om frå ein tom kyrkje til ein lågterskel kulturarena.

Biletet viser ein mann som heldt føredrag foran ein skjerm
Felix Mortimer kom heile vegen frå Redruth, England for å fortelje om The Ladder. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Samarbeid som nøkkel til suksess

I panelsamtala understreka både offentlege og private aktørar kor viktig samarbeid er for å lukkast. Egil Madsen frå DNB kalla Sofienbergprosjektet for eit kinderegg, fordi det kombinerer kulturarv, inkludering og stadsutvikling.

- Eldsjeler er avgjerande, men ikkje nok, og dessutan sårbart. Prosjekt i denne storleiken krev at kommunar, næringsliv og kulturaktørar dreg i same retning, sa han.

Kjersti Aastad, Byrådssekretær for kultur og næring, peikte på kor viktig kommunikasjon og felles mål er når mange aktørar skal jobbe saman:

- Vi treng partnarar som er fleksible, og som finn løysingar når det første ønsket ikkje let seg gjere.

Biletet viser to kvinner og to menn i ein panelsamtale
F.v.: Karen Sofie Sørensen frå Kulturrom, Kent Olav Hovstein Nordby frå OBOS, Kjersti Aastad, Byrådssekretær for kultur og næring og Egil Madsen frå DNB. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Frå OBOS understreka Kent Olav Hovstein Nordby at samarbeid ligg i sjølve grunnmuren av det dei driv med. OBOS sine medlemmar har gitt uttrykk for at dei ønskjer at dei skal kome meir på ballen i kulturprosjekt som kjem lokalsamfunn til gode. – Men vi må også trekke oss ut på eit tidspunkt – det er ikkje vi som skal vere kulturaktørane.

Fokuset på nettopp kultur må inn tidlegare i prosessen, poengterte Karen Sofie Sørensen frå Kulturrom. – Kulturen må inn på den strategiske planen, ikkje mot slutten. Mange bygg står dei alt, dei berre ventar på eit løft og kulturelt innhald.

Det står tomme bygg over heile landet. Spørsmålet er kva vi skal fylle dei med. Og med Gjenklang håper Kulturrom at fleire skal finne svaret på nettopp det.

Har de eit tomt bygg som kunne blitt eit kulturbygg der de bur? Da kan de søkje om inntil 400 000 kroner, og første søknadsfrist er allereie 1. desember 2025.

Les meir om Gjenklang og søk her

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Kulturbygg lanserer Gjenklang | Noregs Ungdomslag