Pepperkakehuset i bygda
Julekampanje i Noregs Ungdomslag – Pepperkakehuskonkurranse!
For å feire både at dei nye nettsidene til lokallaga snart kjem og verdien av Huset i Bygda, inviterer vi alle lokallag i heile landet til ein kreativ og smakfull konkurranse – lag ditt eige pepperkake-ungdomshus!

Tema: Ungdomshus
Vi oppfordrar dykk til å byggje deira eige lokallagshus i pepperkake, eller om de ikkje har eige hus, skap ein pepperkakeversjon av eit anna bygg de brukar – eller kanskje eit draumeungdomshus de skulle ønskje de hadde! Uansett om de går for heile huset eller berre ein detalj som inngangspartiet, scena eller fellesstova, så er vi sikre på at det blir både morosamt og kreativt!

Reglar:
1. Heile huset må vere 100 % spiseleg – ja, frå tak til grunnmur!
2. Huset må lagast av medlemmar frå lokallaget, og minst 2 representantar må vere med i bygginga.
3. Send eit bilete av meisterverket til Lene@ungdomslag.no innan 18. desember.
Dette er ei perfekt moglegheit til å samlast til ein hyggeleg juleaktivitet, samtidig som de set fokus på viktigheita av lokale kulturbygg – og har det gøy saman! Finn fram bakeforkleet, set på julemusikken, og la kreativiteten fløyme. Kanskje dykkar lag stikk av med pepperkakeprisen?
Premien er dekt deltakeravgift for éin deltakar på enten Landsmøtet 2025 eller Sommarleiren 2025!
Vi gler oss til å sjå kva de skapar!

Tips og triks når du skal lage eit pepperkakehus:
- Perfekte kantar, enkelt og greitt: Når delane er heilt ferske og varme frå omnen, kan du leggje papirforma oppå og reinskjere kantane, så dei blir heilt rette og fine. Huset ditt blir mykje enklare å montere, og du slepp skeive veggar som gir pepperkakehuset ei meir rustikk sjarm.
- Vindauge som skin: Vil du ha skikkeleg proffe vindauge? Bruk enten drops eller gelatinplater! Drops smeltar du rett på pepperkakeveggen – berre legg dei der du har skåra hol til vindauget, og voila! Ein stødig konstruksjon på 1-2-3. Brukar du gelatinplater, må du vente til pepperkakeveggen er avkjølt før du limar dei på med litt melis.
- Melis som held alt på plass: Når du lagar melislimet ditt, tilset eggekvite. Då blir melisen stivare og lettare å handtere. Her finn du ein god oppskrift på Royal icing.
- Sukkerknekk – den hemmelege byggelimen: Skal du setje saman huset, er sukkerknekk det beste limet. Smelt sukker til det blir gyllent og bruk det til å feste veggar og tak. Men pass på – det blir veldig varmt! Sørg for at ein vaksen gjer denne jobben, så ingen brenn seg.
- Ein god tomt er gull verdt: Det hjelper ikkje at du har eit palass om tomta ikkje held mål. Eit stort brett eller ei bilderamme kan bli eit supert og stødig underlag for huset ditt. Legg gjerne ut litt kvitt stoff for å få ein "snødekt" hage – det blir jo triveleg.
- La det bli lys! Pepperkakehuset blir ekstra magisk med "innlagt straum". Sleng ei lyslenkje inni før du set på taket, så er det lett å slå straumen av og på. Gå for lyslenkjer med batteri, så slepp du å vri deg i frustrasjon over ledningar som stikk ut overalt!
Med desse triksa på plass, er du klar til å lage eit imponerande pepperkakehus som både ser flott ut og står stødig gjennom heile jula!
Lukke til!


Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

