Presentasjon av undersøking om trygge organisasjonar
(https://gammal.ungdomslag.no/fileadmin/user_upload/Jpeg-bilde/8621652430_a65cf22045_k.jpg)
Tysdag 25. januar kl. 18-19 inviterer Noregs Ungdomslag, FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til ein digital presentasjon av undersøkinga om trygge organisasjonar.
Byrået Opinion, som gjennomførte undersøkinga, vil presentere resultata som kom fram etter at kring 1300 personar deltok med sine svar i haust. Det blir også mogleg å stille spørsmål.
Organisasjonane vil også informere om deira arbeid med retningsliner, varslingsrutiner mm.

Undersøkinga vart gjennomført i tidsrommet 28.09-07.11 2021. Målet med undersøkinga var å kartlegge opplevinga av organisasjonskulturen samt omfang av uønska og grenseoverskridande åtferd knytt til aktivitetar i regi av organisasjonane dei siste fem åra.
Meld deg på via dette skjema for å få tilsendt digital møtelenke til møtet som foregår i Teams: https://forms.office.com/r/7fLtYs7Hzs .
Sjå også Facebook-hending her.
Spørsmål?
FolkOrg: post@folkorg.no
Noregs Ungdomslag: post@ungdomslag.no
Norsk senter for folkemusikk og folkedans: postmottak@folkemusikkogfolkedans.no

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


