Hopp til hovedinnhold
Arrangement

Rapport på Frifondtilskot

Det er no klart for å levere rapport på bruken av Frifondtilskotet som vart tildelt i desember 2021. Rapporten skal leverast i https://ungdomslag.hypersys.no/. Gå til økonomi, støtteordningar og Frifond 2021.

illustrasjonsbilde.

Tilskotet skulle brukast til aktivitetar for barn og ungdom under 26 år i perioden 01.11.2021 og 31.10.2022.

Laget skal først gi ein kortfatta rapport om kva tilskotet er brukt til, last deretter ned rapportskjemaet.

Rapportskjemaet skal innehalde bilagsnummer (henta frå rekneskapet), dato for når de mottok tilskotet og storleiken på tilskotet. Deretter skal utgiftene til dei ulike tiltaka førast inn kronologisk med bilagsnummer, dato og utgiftssum.

Trykk her for å laste ned eit døme på korleis eit riktig utfylt rapportskjema ser ut.

Om laget ikkje har brukt opp heile tilskotet, vil vi sende krav om tilbakebetaling av restbeløpet.

Frist for å levere rapport er 01.12.2022. Lag som ikkje har levert rapport innan 01.12. vil motta krav om tilbakebetaling av heile tilskotsbeløpet.

Den 7. november kl. 18.00 blir det eit nettmøte der vi går gjennom utfylling av rapporten.

Trykk her for å gå til nettmøtet i Teams.

Er det spørsmål om rapporteringa eller om de treng hjelp, så ring 959 08 721. Du får òg svar på kveldstid.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026