Resultata frå runde 2
Resultata frå runde 2 av kunnskapstevlinga "Kven veit?" 2021 er klare.

Vi veit at det har vore ein tolmodsprøve, både for lag og deltakarar å delta i årets Kven veit? med stadig skiftande koronarestriksjonar!
Likevel har dei fleste laga bitt tenna saman og klart å mønstre medlemmer til ein siste innsats! Her er resultata for runde to. Vi skal ikkje røpe dei førebels resultata, det kan de lese sjølv, men det er framleis nokre deltakarar frå Oslo som gjer det skarpt! Under kan det sjå ut som om feltet har sprukke litt opp.
Vi er i ferd med samanstille resultata for siste runde, som vil vere klare i løpet av veka. Inntil vidare får de saumfare listene og vente i spenning til det (endeleg) vert avgjort.
Sjå resultata frå runde 1 og 2 med plassering ved å klikke her.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026


Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien
Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.
10. august 2026


Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?
Kva trendar ser ein innan bunadsfeltet i dag og korleis kan produsentar, fagmiljø og dei som elles arbeider med bunad møte desse trendane? På første dag under Arendalsveka sette dei fem samarbeidsorganisasjonane for bunadbruk i Noreg søkelys på denne tematikken.
10. august 2026

