Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Sak på landsmøtet om forhandlingar med Frilynt Norge

Noregs Ungdomslag og Frilynt Norge har i ei årrekkje samarbeidd i ulike fora som Studieforbundet kultur og tradisjon, Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid (NSU), Bygdemafiaen og Teateralliansen.

Før det tette samarbeidet i spesielt Teateralliansen var dei to organisasjonane nærmast for rivalar å rekne, men partane har dei siste åra sett verdien i å jobbe meir saman – særleg når det gjeld politisk interessearbeid.

Leiinga i dei to organisasjonane hadde i desember 2019 eit sonderingsmøte for å sjå på potensialet i samarbeide også på andre område. Utfallet av samtalane var at ein også bør sjå på om det kan vere aktuelt med ei eventuell samanslåing av Noregs Ungdomslag og Frilynt Norge på sikt, ettersom dette vil kunne styrke begge organisasjonane både fagleg og økonomisk.

Styret i Noregs Ungdomslag vedtok på styremøte 01.02.2020 å legge fram for landsmøtet 2020 ei sak om å inngå forhandlingar. Dersom landsmøtet godkjenner planen om å inngå forhandlingar om ei samanslåing, vil utgreiingsarbeidet med vedtaksak mest truleg kome opp på landsmøtet i 2021.

Frilynt Norge vart stifta i 1965 av ungdomslag i Vestfold og Akershus. Laga ønskte å skipe ein organisasjon etter same lest som Noregs Ungdomslag, men utan nynorskprofil. Frilynt Norge har dei siste åra blitt spesielt sterke på amatørteater, og er no den største landsdekkande organisasjonen på feltet.


Les meir om Frilynt Norge på heimesida til organisasjonen

Spørsmål og tankar? Ta kontakt med:
Styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen (torbjorn@ungdomslag.no ) eller generalsekretær Kai Roger Vatne (kai.roger@ungdomslag.no / tlf 993 94 350)

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Sak på landsmøtet om forhandlingar med Frilynt Norge | Noregs Ungdomslag