Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Sakspapira til Landsmøtet er klare!

Du finn samla sakspapir her: Sakspapir Landsmøtet 2023.
Lag som har meldt på delegatar til Landsmøtet bør ta ein gjennomgang av sakspapira før møtet, slik at de veit kva stilling laget har til dei ulike sakene og framlegga til vedtak.

Foto

Sjølv om påmeldingsfristen til Landsmøtet har gått ut, er det framleis mogleg å melde på delegatar. Vi oppmodar så mange lang som mogleg til å sende representantar til Landsmøtet. Påmeldingsskjema finn du her: Påmelding Landsmøtet 2023, eller du kan ta kontakt med NU-kontoret.

Dei som har bedt om å få tilsendt sakspapira per post vil få desse etter påske.

For full oversikt over Landsmøtet, kan du følgje denne linken: Landsmøtet 2023.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Sakspapira til Landsmøtet er klare! | Noregs Ungdomslag