Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Siste nytt om "Kven Veit?"

Vi har fått fleire attendemeldingar frå lag om at det er vanskeleg å gjennomføre dei to siste rundane av Kven veit? grunna lokale eller regionale smitteverntiltak.

Kven veit? er ei landsdekkjande kunnskapstevling og vi ønskjer at alle laga som er påmeldt skal ha moglegheit til gjennomføre tevlinga. Vi ønskjer òg at kunnskapstevlinga skal medverke til samhald og gode opplevingar under koronapandemien, ikkje unødig uro for korleis laga skal organisere og gjennomføre tevlingsrundane.

Vi har difor endra fristen for gjennomføring av runde to og tre til 15. september.

For oversikt over regionale tiltak trykk her.

Dei som vil gjennomføre tevlingsrundane digitalt der deltakarane sit kvar for seg kan gjere det.

Frivillig Norge legg òg ut informasjon retta mot frivillige lag og organisasjonar jamleg her.

Er det behov for lokale tilpassingar for å fullføre tevlinga, ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm på christoffer@ungdomslag.no, mob. 48004817.

Lukke til vidare!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Siste nytt om "Kven Veit?" | Noregs Ungdomslag