Hopp til hovedinnhold

Søk om gjesteinstruktør for våren 2027. Frist 1.november.•Søk her

Nyttig for laga

Søk gjesteinstruktør for våren 2025

Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2025.

6 ungdommar dansar folkedans

Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans, musikk, teater eller organisasjon.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.

Kriterium:

  • Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
  • Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon (https://www.kulturogtradisjon.no/) dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år
  • Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
  • Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
  • Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
  • Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
  • Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale

Fristar:


Søknadsfristen 1. november 2024 gjeld for kurs som blir gjennomført i januar - juli 2025.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.

Kontaktinfo gjesteinstruktørkurs: Rita S. Vatnehol, 24 14 11 14, rita@ungdomslag.no

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026