Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Søk kompensasjon for avlyste og utsette arrangement

700 millionar kroner har blitt satt av til arrangørar i frivillig- og idrettsektoren som mistar billett- og deltakarinntekter som følgje av koronaviruset. Søknadsskjemaet vart opna 14. april, og det er svært kort svarfrist - 21. april.

Som lag kan de søkje om kompensasjon dersom:

*Arrangementa var planlagte i perioden 5. mars til og med 30. april 2020.

*Arrangementa ville ha vore opne for ålmenta.

*Tapte billettintekter og deltakaravgifter med meirutgifter, må utgjere samla meir enn 25 000 kroner for laget.

SØKNADSKJEMA FINN DE HER!

Mange av laga våre ville i vår fått dei største inntektene frå loppemarknad, basar og utleige. Noregs Ungdomslag fekk ikkje gjennomslag for at desse inntektskjeldene vart inkluderte i denne kompensasjonsordninga, men vi kjem ikkje til å gje oss i kampen for ei ny kompensasjonsordning knytt til generelle inntekter for frivilligheita.

De finn søknadsskjema og rettleiing her på denne sida.

Ta kontakt med oss på NU-kontoret om de lurar på noko!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Søk kompensasjon for avlyste og utsette arrangement | Noregs Ungdomslag