Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Søk om gjesteinstruktør for hausten 2025

Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. juni på gjesteinstruktørordninga vår for kurs hausten 2025.

Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans, musikk, teater eller organisasjon.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.

Kriterium:

  • Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
  • Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år
  • Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
  • Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
  • Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
  • Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
  • Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale

Fristar:


Søknadsfristen 1. juni 2025 gjeld for kurs som blir gjennomført i august - desember 2025.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.

Kontaktinfo gjesteinstruktørkurs: Rita S. Vatnehol, 24 14 11 14, rita@ungdomslag.no

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien

Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.

10. august 2026

Søk om gjesteinstruktør for hausten 2025 | Noregs Ungdomslag