Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Søk støtte til å inkludere ukrainske flyktningar

Tilskotsordninga "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" er retta mot frivillige organisasjonar og lag som ønsker å inkludere flyktningar frå Ukraina i ein musikk- eller kulturaktivitet. Prosjektet har òg ei eiga nettside.

Foto

Midlane skal nyttast for å fremme aktivitet og deltaking blant ukrainske flyktningar som er busette i kommunar eller på mottak. I hovudsak er ordninga meint som hjelp til å inkludere i aktivitet som allereie eksisterer i foreininga.

Løpande søknader og kort behandlingstid
Dette er noko også NU-lag kan søke om støtte til å gjennomføre, og denne støtta kan de søke om i tillegg til vaksenopplæringsmidlane. Kanskje er det ein aktivitet også i laget ditt der det kunne passe å inkludere lokale flyktningar?

Eit ungdomshus kan til dømes vere ein fin stad å invitere til ein «bygdekveld» og vise kva aktivitetar de brukar å ha i huset. De kan søke om støtte til både planlegging, tolk og enkel traktering.

– Vi støttar både små og store tiltak. Vi behandlar søknader løpande og vi har kort behandlingstid. Vi gir støtte til tiltak som skjer i 2022, så det er berre å kaste seg rundt, fortel prosjektleiar i "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" i Norsk musikkråd, Mari Romarheim Haugen.

Lenke til tilskotsordninga finn de her.

Fleire måtar å søke støtte på

Lokale lag og foreiningar har fleire moglegheiter til å søke tilskot til inkluderingstiltak. Musikkens studieforbund har Prio-midlar til tiltak som er retta mot rekruttering, integrering og inkludering. K-stud gir ekstra tilskot for kurs til flyktningar. Kurs med deltakarar som kan lite norsk, og som vektlegg språktrening, kan få ekstra tilskot frå Kultur og tradisjon.

For å komme i kontakt med ukrainske flyktningar, er flyktningkoordinatoren i kommunen ein fin stad å starte. Frivilligsentralene (https://frivilligsentral.no/) i kommunane har òg ofte god oversikt over flyktningar i kommunen.

"Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger" har òg laga ein rettleiar (ein trinnvis guide), som gir råd om korleis ein kan komme i gang med å inkludere flyktningane i lokalområdet ditt her.

Dei har òg laga eit skjema der lag som ønsker å inkludere ukrainske flytningar, kan registrere seg. Lista over desse laga kan ein òg finne her:
Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger – Prosjekt (musikk.no) (https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina#Lokale-lag)

Lenke og rettleiar til tilskotsordninga finn de her:

Kulturfellesskap har òg utarbeidd eit kart med oversikt over område med mange flyktningar og lokale lag: 
Kulturfellesskap: Prioriterte områder – Google My Maps.

Det er òg mogleg å kontakte dei ukrainske foreningane:
Ukrainere i Norge
Хто ми – Українці в Норвегії (ukrainere.no) og

Den ukrainske forening i Norge
Krigen i Ukraina/Hjelp | UkrainskeForening (ukrainskno.wixsite.com).

------------

Bakgrunn:

Ti ekstra millionar
I sommar sette Kultur- og likestillingsdepartementet av ti millionar kroner for å inkludere ukrainske flyktningar i kulturaktivitetar som kor, dramagrupper og korps og andre fritidsaktivitetar på kulturfeltet. Som del av denne potten, fekk Norsk musikkråd eit eingongstilskot til arbeid med inkludering av ukrainske flyktningar. Det er Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund og Kulturalliansen som samarbeidar om ordninga.

Fleire organisasjonar har allereie nytta dette tilbodet. Mellom anna har 22 ukrainske flyktningar vore med og lært å spele i korps, som del av Valdres Sommerbrass, og under Sommersanguka 2022 på Toneheim folkehøgskole, deltok òg 13 ukrainske flyktningar. Det var Ung i Kor Oslo og Ung i Kor SørØst som arrangerte Sommersanguka.

foto
Kulturminister Anette Trettebergstuen saman med ukrainske flyktningar da det vart gjort kjend at Kultur- og likestillingsdepartementet bevilga 10 millionar kroner for å inkludere ukrainske flyktningar i kulturaktivitetar som kor, dramagrupper og korps og andre fritidsaktivitetar på kulturfeltet. Foto: John-Halvdan Halvorsen

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Søk støtte til å inkludere ukrainske flyktningar | Noregs Ungdomslag