Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!

Bakgrunnen for oppretting av prisen er å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kr.
Mot slutten av 2024 vart det opna opp for at folk kunne sende inn sine nominasjonar til årets lokallag. Det kom inn gode nominasjonar og styret i Noregs Ungdomslagplukka ut fem lag som kom vidare i prosessen.
Dei fem laga du kan stemme på er UL Skjoldafjord, Fjærland UL, UL Liv - Jøa, Folkedanslaget Sølja og Bergen UL Ervingen.
I vurderinga vart det lagt vekt på lag som medverkar gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod, og ikkje minst samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder. Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.
Årets lokallag vert kåra etter avstemming blant medlemmane i Noregs Ungdomslag, samt juryen sin vurdering av kandidatane.
Jury for 2024 er Irene Dahl, Kjærsti Gangsø og Christoffer Knagenhjelm.
Alle kan no stemme på sitt favorittlag fram til 15.4.2025. Etter det vil juryen ta ei avgjerd og dele ut prisen under landsmøtet.
Om dei nominerte
UL Skjoldafjord
UL Skjoldafjord har i over 100 år vore ein kulturell drivkraft i lokalsamfunnet, med eit breitt tilbod innan dans, teater og musikal. I 2024 har laget markert seg med en eigenprodusert musikal, barneteater, dansearrangement og oktoberfest. Dei er i gang med sitt største prosjekt hittil – musikalen We Will Rock You, med premiere i 2025. Laget samlar barn, ungdom og vaksne til kreativ utfolding og fellesskap. Deira inkluderande miljø og fokus på kvalitet gjer laget til en verdifull ressurs for lokalsamfunnet.
Fjærland UL
Fjærland UL utmerker seg med stor oppslutning og varierte aktivitetar for alle generasjonar. Dei arrangerer barnedans, bygdekino, nyttårsball, smalahovefest og Vintrakveld, som trekk fullt hus. Ein spøk om nakenkalender vart til ein suksess som skapte samhald og samla inn 77 000 kr til Kreftforeininga. I tillegg driv de aktivt med husvedlikehald, ungdomsklubb og andre sosiale tiltak. Engasjementet og dugnadsanden gjer laget til en uvurderleg del av bygda.
UL Liv – Jøa
UL Liv – Jøa er ein viktig møteplass med aktivitetar kvar uke, frå middagsservering og maskerade til bygdedag og juleverkstad. Laget samarbeider tett med lokalsamfunnet og har arrangert blant annet quiz-pub og Halloween-feiring. Dei har oppgradert huset og ein grillhytte til felles bruk. Ein fantastisk dugnadsand pregar laget, både i vedlikehald og arrangement. Engasjerte medlemmer og en dyktig dagleg leiar medverkar til at laget stadig veks.
Folkedanslaget Sølja
Folkedanslaget Sølja feira 50-årsjubileum i 2024 med ni store arrangement, blant annet internasjonal festival og leikfest. Med 90 øvingskveldar dekker laget eit breitt spekter av folkedans, kontradans og songdans med imponerande kvalitet. De samarbeider med dansarar frå Litauen og Shetland og er ein sterk kulturformidlar i Hamar. Laget er synleg i byen og held levande tradisjonar frå Hedmarken. Sølja har høg aktivitet og er eitt førebilete for mange.
Bergen UL Ervingen
Bergen UL Ervingen tilbyr et breitt spekter av aktivitetar for alle alder og ferdigheitsnivå. Dei skaper eit inkluderande læringsmiljø med aukande medlemsmasse og har ein viktig arrangørrolle for større kulturarrangement som Vestlandskappleiken. Laget vidarefører tradisjonell kultur i Bergen gjennom dans, teater og musikk. Med sterke røter og eit engasjert fellesskap medverkar Ervingen til å holde den norske kulturarven levande.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Bunaden på UNESCO-lista – stoltheit, utfordringar og vegen vidare
Den 5. desember i 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over menneskeheitas immateriell kulturarv. Innskrivinga er ein stadfesting av den breie og folkelege bruken, det omfattande handverket og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Men kva no?
12. august 2025


Nynorskens framtid under lupa på Arendalsuka
Korleis står det til med nynorsken i dag, og korleis vil språkmangfaldet i Noreg sjå ut i framtida? Det var hovudspørsmålet då Nynorsk forum samla forskarar, politikarar og språkfolk til ein språkpolitisk verkstad måndag 11.august, under Arendalsuka 2025. Seinare inviterte Noregs Mållag til debatt om sidemålet, i "Det store Sidemålslaget".
5. august 2025


Lagsnytt 04. juli 2025
I dag har vi sendt ut Lags nytt der du blant anna kan lese om Sommarleiren i Ulsteinvik som samla over 30 ungdomar til inspirerande dagar med dans, leik og fellesskap. NU-kontoret held sommarstengt til 4. august, og kontingent og årsrapport må snart leverast. Nye dans- og leikfilmar ligg ute på Folkepedia, og hausten byr på kurshelger, teater og mykje anna spennande.
4. juli 2025
