Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!

Bakgrunnen for oppretting av prisen er å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kr.
Frist for nominering til årets lokallag var måndag 2. mars. Innafor fristen var to lag nominert; Nybrott Ungdomslag, Aldersund, og Ungdomslaget Fram, Rogne, Longva. I tillegg har Sogn og Fjordane Ungdomslag nominert Fjærland Ungdomslag.
Styret i Noregs Ungdomslag har og moglegheit til å nominere lokallag.
Stemmefrist: 13. april
Dei nominerte laga
Fjærland Ungdomslag
Fjærland Ungdomslag utmerker seg med stor oppslutning og eit breitt spekter av aktivitetar for alle generasjonar. Laget arrangerer mellom anna barnedans, bygdekino, nyttårsball, smalahovefest og Vintrakveld – arrangement som jamleg samlar fullt hus.
Ein spøk om ein nakenkalender utvikla seg til ein stor suksess som har styrkt samhaldet i bygda. Totalt har laget samla inn 224 955 kroner til Kreftforeningen. Første året var det mennene som stilte opp, medan det i 2025 var kvinnene sin tur. Kalenderen har fått brei merksemd i media, mellom anna i VG på nynorsk.
I tillegg driv laget aktivt med vedlikehald av huset, ungdomsklubb og andre sosiale tiltak. Det sterke engasjementet og den gode dugnadsånda gjer Fjærland UL til ein uvurderleg del av bygda.
Hallinglaget i Oslo
Hallinglaget i Oslo er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike laga i Noregs Ungdomslag, med røter tilbake til 1899.
I dag kombinerer laget sterke tradisjonar med eit ope og inkluderande fellesskap. Gjennom jamlege danseøvingar, kurs og sosiale arrangement skaper dei ein arena der både erfarne og nye deltakarar kan møtast. Særleg står hallingdansen sentralt, og laget bidreg aktivt til å vidareføre og fornye denne kulturarven.
Hallinglaget utmerker seg ved si evne til å vere både ein kulturberar og ein sosial møteplass. Med aukande rekruttering blant yngre medlemmar viser laget at tradisjon og nyskaping kan gå hand i hand. Engasjementet og kontinuiteten gjer Hallinglaget i Oslo til ein viktig del av ungdomslagsrørsla – både historisk og i dag.
Nidelv Ungdomslag
Nidelv ungdomslag utmerker seg med eit breitt og inkluderande aktivitetstilbod for både barn, ungdom og vaksne. Laget legg vekt på å skape eit aktivt og sosialt nærmiljø gjennom varierte kurs og arrangement.
Dei arrangerer mellom anna barneleik for born under skulealder, dametrening, vaksenleik, disko- og aktivitetskveldar, quizfestar, handverks- og kulturaktivitetar som bunadkurs, treskjering og ulike mat- og handverkskurs. For barn og unge tilbyr dei aktivitetar som diskotek, bakekurs, dansekurs og kreative verkstader knytt til høgtider som jul og påske. I tillegg inviterer dei til sosiale møteplassar og arrangement for heile familien. På denne måten skaper laget møteplassar på tvers av generasjonar gjennom kursverksemd og sosiale kveldar for vaksne. Den store breidda i aktivitetar og viljen til å inkludere nye initiativ frå medlemmane bidreg til eit levande og engasjerande lokalmiljø.
Nybrott Ungdomslag
Nybrott Ungdomslag Aldersund er nominert til prisen Årets lokallag for ståpåvilje og sitt langsiktige arbeid med å skape inkluderande møteplassar og gode fritidstilbod for heile bygda.
Etter ein periode i dvale starta laget opp att under krevjande forhold. Ungdomshuset var i så dårleg stand at mange meinte det burde rivast. Nybrott Ungdomslag valde i staden å sjå moglegheiter der andre såg forfall, og har gjennom stor dugnadsinnsats sett i gang eit omfattande restaureringsarbeid for å gi huset nytt liv og har gjenreist ein viktig møteplass i lokalsamfunnet. Samstundes blir huset utvikla til ein funksjonell møteplass for framtida.
Laget har òg etablert ein fleirdagars sommarfest i hamna, open for heile bygda og omegn, med kurs, aktivitetar og sosiale møteplassar for alle aldersgrupper.
UL Fram
UL Fram fekk i 2013 Møre og Romsdals fylkeskulturpris og i 2022 fekk laget ungdommens kulturpris av Ungdomsrådet i Ålesund.
UL Fram har eit omfattande teaterarbeid som er til stor verdi for barn og unge, og for fellesskapet og lokalmiljøet på Nordøyane. Laget arbeider aktivt for å skape ein inkluderande møteplass med spanande og utviklande aktivitetar, der alle skal kjenne at dei høyrer til.
I tillegg til teater driv laget mellom anna med dans og arrangerer aktivitetar som lotteri, jonsokfeiring og diskotek. Ungdomshuset deira, Framtun, fungerer òg som eit viktig kulturhus for bygda og får jamleg besøk av Teatret Vårt.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Dette skjedde på Landsmøtet i 2026
Oslo, 18,-19. april - Seminar, kurs, debatt, dans og 86 røysteføre delegatar i salen: her er eit lite samandrag av kva som skjedde på landsmøtet til Noregs Ungdomslag.
19. april 2026


Fråsegner frå Landsmøtet 2026
Landsmøtet 2026 vedtok tre nye fråsegn. Les dei her!
19. april 2026


Kven Veit? 2026: Endeleg resultat
Siste tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Under festmiddagen på Landsmøtet 2026 vart den endelege pallplasseringa kunngjort.
19. april 2026
