Til minne om Kari Margrete Okstad
Det var med stor sorg me tok i mot meldinga om at Kari Margrete Okstad til slutt måtte gje tapt for kreftsjukdommen.

Hennar livslange interesse og engasjement har gjort at ivaretakinga og fokuset på folkedansen har blitt oppretthaldt og vidareført i Noreg. Sjølv om ho aldri framheva seg sjølv, var ho likevel ei av dei sterke stemmene då ho var delaktig på dei arenaene som sette dagsorden. Hennar solide dansefagkompetanse gjorde at ho hadde eit breitt nedslagsfelt i miljøet.
Dansen hadde ho med seg heimefrå i eit dansande lokalmiljø, og sjølv skriv ho at ho byrja å danse folkedans i 14-årsalderen som aktivt medlem i folkedanslaget heime i Namsos. Ho deltok på instruktørkurs, og i 1980 vart ho tilsett som reiseinstruktør i Ungdomslaga i Nord-Trøndelag. I1986-1989 engasjerte ho seg både på som frivillig i leikrådet, og frå 1987 var ho fast lærar på landsdekkande instruktørkurs i NU i fem år.
Då ho på 1990-talet var tilsett ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans vart ho ein omtykt danselærar på Folkedansstudiet, og hennar pedagogiske styrke var avgjerande både i prosjektet Norsk dans for 90-åra. Ho var utan tvil ein sterk pedagog med eit sterkt pedagogisk engasjement, og på sentret utvikla ho seg til ein fullverdig fagperson.
Ho fordjupa seg danseanalytisk i arkivmaterialet, og var ein framifrå formidlar av materialet både munnleg å skriftleg både innafor vidaregåande og høgre utdanning, men også innafor dei frivillige organisasjonane NU og FolkOrg. Ho vart med i forskningsgrupper, og engasjerte seg i Nordisk foreining for folkedansforskning og International Council for Traditional Music si folkedansforskningsgruppe. Seinare fekk stiftelsen gleda av hennar kompetanse gjennom sitt arbeid for Rådet for folkemusikk og folkedans i to periodar frå 2004-2012.
Kari Margrete vart på 2000-talet ein viktig del av Ole Bull Akademiet. Ho sette varige spor etter seg på Voss. Og som leiar for Osafestivalen utvikla ho festivalen til å bli ein viktig festival både lokalt, regionalt og nasjonalt. Ho har gjennom virket sitt vore med å utvikle Ole Bull Akademiet til det institusjonen er i dag, og det er akademiet svært takksame for.
Kari Margrete var og heidersmedlem i FolkOrg. I vedtektene står det: «Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet «å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse» Det er ikkje tvil om at Kari Margrete fortente å bli utnemnt som heidersmedlem under Landskappleiken på Fagernes i 2015.
Spora etter Kari Margrete ser vi i dag i publisert dansepedagogisk materiale og forskingsartiklar, læremateriell i folkedans for den vidaregåande skulen, og som medforfattar i større vitskaplege verk som Nordisk folkedanstypologi (1997) og Norden i dans (2007).
Mastergraden hennar frå 2002 har blitt eit solid oppslagsverk om variasjonen i rørospolsen, og ho vart ein pioner då ho samla miljøet i Setesdal om å listeføra musikk- song- og dansetradisjonane deira på UNESCO si representative lista av immateriell kulturarv. Ho såg at det å løfta tradisjonane opp på ein internasjonal arena ville gjera at ein fekk større merksemd på tradisjonane heime, samtidig som innskrivinga inneber ei felles forplikting mellom aktørane om å vidareføra spel på hardingfele og munnharpe, gangardans, stev og stevjing i Setesdal. For dette arbeidet og alt engasjement elles, blei ho utnemnd som æresmedlem i Setesdals Spelemannslag 17.mai i år.
Ho arbeidde særleg godt og lenge for folkedansen spesielt. Ho var ei av dei som fekk gjort særs mykje av stor betydning for feltet.
Vi lyser fred over Kari Margrete sitt minne.
FolkOrg, Noregs Ungdomslag, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

