Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Tildeling av Frifond 2022

Frifondmidlane for 2022 er no tildelt lokallaga. Tilsaman kr 1 913 383,- er fordelt på 101 lag i 11 fylke.

Illustrasjonsbilde

På grunn av pandemien var det i 2021 mange lag som ikkje fekk brukt opp Frifondtilskot som dei fekk tildelt året før. Det ubrukte tilskotet måtte vi kreve tilbakebetalt frå laga, tilsaman var det kr. 295 581,-. Vi søkte Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) om å få muligheit til å plusse desse pengane til det tilskotet som vi hadde til fordeling i år. Vi fekk positivt vedtak frå LNU på dette. Vi har difor ein god del meir Frifondtilskot som vi kan fordele til laga i år enn tidlegare år. Det variable tilskotet som blir tildelt etter tal medlemmer under 26 år i medlemslaga vart kr. 443,- per medlem.


Her finn du eit oversyn over dei laga som har søkt om og fått tildelt Frifondtilskot.

Frifond ()er ei stønadsordning oppretta for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om driftstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Tildeling av Frifond 2022 | Noregs Ungdomslag