Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus
Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!

OBS- torsdag 1. oktober opnar vi dørene kl. 19.00 og startar quizen kl. 19.30, for å tilpasse oss den offisielle opninga av Fruktbare dagar 2026. Programmet for Fruktbare dagar finn du her: https://www.opplevleikanger.no/kva-skjer/program-for-fruktbare-dagar-2026
Ein sosial kveld i godt selskap
Baren opnar kl. 18.30, så det er god tid til å slå av ein prat og setje seg til rette før quizen startar kl. 19.00. Vi tek sikte på å vere ferdige innan kl. 22.00.
Quizen passar for alle – anten du kjem for å vinne premiepotten eller berre for det sosiale og det kjekke fellesskapet. Det er også fritt fram å kome innom sjølv om du ikkje har eit lag. Kanskje finn du deg eit lag, eller kanskje vil du prøve deg på eiga hand? Eller kanskje vil du berre sitte og prate litt med dei frivillige som jobbar i baren.
Maks 5 deltakarar per lag, og deltakaravgifta er kr 50 per person. Meld laget ditt på via påmeldingsskjemaet.
Arrangementet er for personar over 18 år.
Quiz-datoar hausten 2026
- Torsdag 3. september - Quizvert er Tom Wolff Navarsete
- Torsdag 1. oktober - Quizvert er Tom Wolff Navarsete
- Torsdag 5. november
- Torsdag 3. desember
Vi håper å sjå deg på quiz på Leikanger ungdomshus i haust! Ønskjer du fleire slike aktivitetar? Støtt Leikanger ungdomslag ved å melde deg inn i laget vårt: https://www.ungdomslag.no/lag/leikanger

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


