UL Ivar Aasen og BUL Nidaros fekk støtte frå Kulturrom i første runde

I tilskotsordninga til Kulturrom der ein kan søke støtte til teknisk utstyr og lokale, var det i første runde i år to lokallag frå Noregs Ungdomslag som har søkt og fått støtte. Medan ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund søkte og fekk støtte til både utstyr til supplering av lyskjelder (kr 16 000) og til toradere til rekrutteringsprosjekt (kr 20 250), fekk Bondeungdomslaget i BUL Nidaros støtte til oppladbare batteri og ladestasjonar (kr 4 932). Vi gratulerer!
Denne støtteordninga til Kulturrom har som formål å bidra til øvingslokale og gode tekniske vilkår for framføring av musikk, dans og teater over heile landet. Det er to søknadsfristar i året, den eine 1. mars og den andre 1. september. Vi vil med dette sterkt oppfordre andre lokallag til å nytte høvet til å sende søknad til neste frist, dersom de har utstyr eller andre behov de treng midlar til.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

