Ungt Demokrati 2022 - søk om plass
Er du, eller kjenner du nokon, i alderen 14 – 26 år? Vi har eit fantastisk tilbod til dei som kunne tenkje seg å vere med på eit eksklusivt tilbod med intensiv opplæring i organisasjon, leiing og demokrati, nemleg prosjektet Ungt Demokrati.

Det vil vere tre samlingar i 2022:
- NU´s landsmøte 22.-24. april i Oslo
- Sommarleiren 28. juni -3. juli i Trøndelag
- Arendalsveka i veke 33 i Arendal
Vi plukkar ut 20 heldige kandidatar i aldersgruppa som får dekka alt av reise, opphald og kursinnhald av høg kvalitet. Vi er ute etter motiverte sjeler som ønskjer å lære meir om dei frivillige organisasjonane si rolle i demokratiet, og korleis ein sjølv kan vere med å påverke sine interessefelt.
Kurset blir arrangert i samarbeid med stiftinga Fundatum, som held kurs for engasjert ungdom i organisasjonslivet, på folkehøgskuler og i ungdomspolitikken. Tidlegare har dei haldt to kurs for oss, og deltakarane har vore svært fornøgde.
“På UngtDemokrati får du lere mykje om deg sjølv og andre. Du får tips om korleis ein kan vere ein god leder og korleis ein organisasjon kan fungere. Instruktørane er veldig dyktige og lærer bort med mykje enusiasme, finurlige øvelser og litt tøys”
- Nina Byttingsmyr, deltakar i 2019.
«For meg var kurset til Fundatum heilt eineståande. Det eg trudde skulle bli lange timar med notatblokka, vart til eit sterkt, rørande og styrkande møte med meg sjølv og andre.
I notatane mine kan eg lese om kva som er mine gode eigenskapar, kva verdiar som er viktige for meg og kven i livet mitt eg kan støtte meg til. Uansett situasjon kan eg alltid gå tilbake til desse notatane og finne mot og krefter til å stå på vidare.
Kurset til Fundatum gav meg i tillegg ei god innføring i organisasjonsstruktur, leiarskapsfilosofi, og ei djupare forståing for korleis vi mennesker fungerer og korleis vi best kan samarbeide. Kurset gjorde meg bevisst på mine eigne styrkar, men òg styrkane til dei rundt meg.
Dette er lærdom som stadig kjem til nytte, både i jobb, frivilligheit og som medmenneske.»
- Marit Kvamen, deltakar i 2018.
Søknad sendast innan 27. mars.
Har du spørsmål til Ungt Demokrati eller om dette kan vera noko for deg, ta gjerne kontakt med Mona Husby: mona@ungdomslag.no.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
gklhjkø
jklæ
20. november 2026


Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


