Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

UngtDemokrati - send inn din nominasjon!

I 2018 og 2019 gjennomførte Noregs Ungdomslag piloten Ungt Leiarskap med eit knippe unge deltakarar frå ulike lokallag i organisasjonen. 

Deltakarane som deltok på kursa var enormt nøgde og ga svært gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag, og veit nå langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompetanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. Dei har blitt betre kjent med seg sjølve og fått tenkje stort rundt kven dei ønskjer å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane.

Noregs Ungdomslag ønskjer å byggje vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ei ny runde, og alt vi treng er deltakarar.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026