Dette er vinnaren av Peparkakehuset i bygda!
Vinnaren av Peparkakehuset i bygda er klart. Det er Bergen Ungdomslag Ervingen som vinn den gjeve utmerkinga i 2024, med deira spektakulære peparkaketolkning av Ungdomshuset Gimle!


Bergen ungdomslag Ervingen har laga ungdomshuset Gimle i peparkake! Her er det detaljar både utanpå og inni.
Utsida er rikt dekorert med vindauge og verandaer. Alle dei tre verandaene måtte med!


Men ikkje berre utsida er utforma av sukker og melis - også innsida har fått omtanke. Her er nemleg veggmåleriane komen med, saman med danseglade seigmenn som dansar til kvedargruppa.


Byggarane var: Brage, Hege, Helge, Renathe og Marit
Peparkakehus-juryen gratulerar så mykje med sigeren!
God jul!


Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


