Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Rapportering av Frifond

Det er no tid for å rapportere på Frifond-tilskotet som vart tildelt i 2025.

Rapportfrist: 30. november.

Tilskotet skulle brukast til aktivitetar for barn og ungdom under 26 år i perioden 31.10.2025–31.10.2026.

I rapporten skal de synleggjere at tilskotet er brukt opp ved å fylle inn:

  • Kor mykje de fekk utbetalt i 2025
  • Kor mykje av desse midlane de har brukt
  • Kor mykje av desse midlane de har hatt

I tillegg skal vi ha eit enkelt rekneskap som viser at midlane er brukt opp. De kan anten fylle inn direkte i rapportskjemaet, eller laste opp ei fil.

I år ønskjer vi og at de laster opp bilete frå aktiviteten. Dette er valfritt, men vi håper likevel de vil vise oss all den gode aktiviteten de har stelt istand.

Om laget ikkje har brukt opp heile tilskotet vil vi sende krav om tilbakebetaling av restbeløpet. Lag som ikkje har levert rapport innan 30. november vil motta krav om tilbakebetaling av heile tilskotsbeløpet.

Har de ikkje oversikt over kor mykje de fekk utbetalt finn de oversikt over det her.