Hopp til hovedinnhold

Bli med på NU-helga 2025!Påmeldingen stenger midnatt torsdag 9. oktoberNU-helga 2025

Asbjørn Thomassen

Asbjørn Thomassen (1938-2013) vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2013.

Asbjørn Thomassen

Asbjørn Thomassen har hatt eit langt liv i ungdomslagsrørsla, og har gjennom dei siste 15 åra lagt ned ein enorm innsats med å dokumentere fanene som har vore tilknytt rørsla. Etter kvart som dokumentasjonsarbeidet tok form fekk Asbjørn ideen om at samlinga burde bli gitt ut som ei praktbok. Dei siste åra har Asbjørn arbeidd med manuset til ei slik bok, målet er å gje ut boka i samband med grunnlovsjubileet i 2014. Asbjørn har arbeidd med faneprosjektet nær sagt kvar dag desse 15 åra, og alt arbeid har vore gjort på dugnad, drive av idealisme for ungdomslaga og for den rike kultur- og organisasjonshistoria fanene representerer. Leiar Endre Kleiveland la i sin tale til Asbjørn vekt på at Asbjørn er ei inspirasjonskjelde for mange, og at han gjennom arbeidet sitt har sørga for at ein sentral del av kulturhistoria til ungdomslagsrørsla er dokumentert for all ettertid.

På grunn av Asbjørn sin helsetilstand vart heidersutnemninga gitt i ei privat tilstelling 22. september 2013, der Asbjørn og kona Lisbeth var til stade, saman med styreleiar Endre Kleiveland, nestleiar Kine Reiersen og generalsekretær Eli Ulvestad. Asbjørn døydde dessverre berre to dagar etter han vart utnemnd som heidersmedlem.

Fleire heidersmedlemer

Foto av Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Foto av Elias Melvær

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.