Hopp til hovedinnhold

Dag Vårdal

Dag Vårdal (1946-2023) vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2021.

Dag Vårdal med blomster og diplom

Denne teksten om Vårdal vart skrive i høve tildelinga av heidersmedlemskapet i 2021. Vårdal gjekk bort i januar 2023. Minneordet kan du lese her.

Dag Vårdal, fødd 23. mai 1946 i Hønefoss, busett i Lørenskog, har gjennom mange år lagt ned eit stort arbeid for folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Dag er ein av dei fremste forkjemparane for å sjå dansen og musikken som to sider av same sak. Stoltheit over lokal tradisjon er noko som har stått sentralt i arbeidet hans.
I Noregs Ungdomslag har Dag vore medlem heile sitt vaksne liv, han har vore tillitsvald, tilsett, instruktør, dansar, musikar, innsamlar, forfattar og forskar. På NU-kontoret arbeidde han som folkemusikk- og folkedanskonsulent i åra 1982-1986. Han var leiar i leikrådet i fleire år og representerte NU i det nordiske samarbeidet Nordlek. Dag gjorde eit omfattande arbeid for revidering av leiaropplæringsmodellen, for utgjeving av bøker og CDar, han bidro aktivt til dei mange sommarkursa som både deltakar, administrativ leiar, instruktør og dansespelmusikar og han har vore sentral i fleire NU- og Nordlek-stemner.

Dag er ein foregangsmann for innsamling av dansar og slåttar, særleg i områda Agder og Nord-Noreg, samt at han har lagt ned eit imponerande arbeid innan utgjevingar av CDer og bøker innan folkemusikk- og folkedansfeltet. Dag var sentral i revisjonsarbeidet av Norske folkedansar – Turdansar der han mellom anna hadde ansvaret for all musikken. I samband med turdansboka har Dag hatt ansvar for produksjon og utgjeving av CDane med turdansmusikken. Saman med Egil Bakka og Brit Versland gav han ut boka Dansetradisjonar frå Vest-Agder,Grunnbok i folkedans samt fleire opplæringsbøker innan folkedans. Også boka Dansetradisjonar frå Nordland og Troms er ei viktig utgjeving han har laga saman med Egil Bakka.

Dei siste åra har Dag arbeidd med eit omfattande verk som vart gjeve ut i 2019 kalla Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet. Dette enormt imponerande verket inneheld 3 bind om historie og miljø, dansenedteikningar samt eit om musikken med notar. I tillegg høyrer det med 3 CDar med all dansemusikken. Dette verket har stor betyding for danse- og musikkmiljøet.

Dag har vore sentral i det lokale musikk- og dansemiljøet fleire stader i landet der han har delt raust av sin grundige kunnskap om musikk og dans. Mellom anna var han aktiv i Lofoten på 70-talet der han stifta og var musikalsk leiar for Vestvågøy spelemannslag. I Agder var Dag sentral som musikalsk leiar i spelemannslag og musikar i leikarringen. Også i det lokale miljøet i Oslo har Dag vore musikar og instruktør i ei årrekke. Dag har også hatt ei viktig rolle innan dei historiske dansane og balldansane. Han har mellom anna vore med å opprette Nettverk for historisk dans, Christiania Thour og Runddansensemble og Bærum Balselskab.

Under oppbygginga av dansestudie i Trondheim var Dag ein sentral bidragsytar. Han har også vore generalsekretær i Landslaget for spelemenn (no FolkOrg).

I 2019 mottok Dag Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen.

Det er ingen tvil om at Dag er ein viktig person for både folkedansen, folkemusikken, organisasjonsarbeid og for NU. Det er difor ei stor ære for oss i NU å utnemne Dag Vårdal, som den ellevte i rekka, til den høgthengande tittelen heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.

Fleire heidersmedlemer

Foto av Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Foto av Elias Melvær

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.