Ola Normann Strand
Ola Normann Strand (1943-2015) blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2005.

Ola Normann Strand (1943-2015) blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag under fagseminara og landrådsmøtet i april 2005.
Ola har gjort eit uvurderleg arbeid for NU sentralt og lokalt i kring 40 år.
Ola Norman Strand fekk arbeid i NU allereie i 1968 som teaterinstruktør og arbeidde samanhengande på NU-kontoret fram til pensjonisttilværet i 2004 – først teaterfagleg og seinare som organisasjonssekretær.
Ola var med og vidareførte teaterarbeidet i NU, og det inn i ei tid som står att som ei stordomstid. Utover 70- og 80-talet hadde teaterarbeidet eit stort oppsving. Ola stod sentralt her. Han samarbeidde med profesjonelle krefter og amatørkrefter utanfor ungdomslaga. Han såg talent både teaterfagleg og organisatorisk rundt om i laga – og han kopla desse gode kreftene saman, ofte i moderne og nyskrivne teateroppsettingar. Stillferdig og effektivt, aldri med store ord. Og resultatet blei ein vekst og eit engasjement som sette varige spor, både hjå dei som var med – og hjå alle som møtte opp på framsyningane rundt om i ungdomshusa. Mykje av dette kom av Ola sitt oppofrande arbeid for aktiviteten vår.
Ola hadde eit velkjend, brennande engasjement for ungdomslagsarbeidet og var oppteken av dei lange historiske linjene og det store biletet. Mange har opplevd å sjå dei ideologiske samanhengane i det mangfaldige Noregs Ungdomslag nettopp gjennom å delta på organisasjonskurs hjå Ola.

Fleire heidersmedlemer

Hulda Garborg
Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.
Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Elias Melvær
Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar Rødal
Gunnar Rødal vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.