Hopp til hovedinnhold

Folkedans der vi burSøknadsfrist 31. mai.Les meir her og søk om å få bli med på pilotprosjektet

Klara Semb: Føredrag om dans, Bergen, ca. 1945

Høgdepunktet denne månaden er KSb042 «Føredrag om dans».

Her finn du eit spanande føredrag som Klara heldt i Bergen etter andre verdskrig, om dansens historie. I foredraget fortel Klara om dansens opphav som heilag handling, og korleis ulike kulturar har brukt dansen rituelt.

«Upphaveleg er all dans Kultusdans» skriv Klara.

Vi får lese om da ho såg eit japansk teaterselskap i Oslo, og om den rumenske dansen Kalushari, som ho fekk oppleve på dei internasjonale folkedansstemna i England i 1935, og i Tyskland i 1936. Ho fortel om dansen rolle i den gamle Jonsokfeiringa, og korleis ein dansa for hell og lykke når avlingane vart sådd om våren.

«I gamal tid, var samspelet millom kropp og sjel i dansen, medvetent. Dei visste og hadde upplevd det og naar dei dansa gjorde dei ei heilag handling.» Ho fortel om middelalderens songdans, og korleis den gode visediktinga forsvann da songdansen vart borte i Noreg. Vi får lese om korleis musikkdansane tok over i renessansen, og at det er her dei gamle folkedansane kjem frå.

Klara trekker trådane frå dansens opphav til samtida, og peikar på viktigheita i å danse og synge saman, særleg for ungdommar. Den moderne gymnastikken, meiner ho, forsøkjer å frigjere kropp og sjel gjennom rytmisk musikk, men dette er songdansen betre egna til. Ho argumentera for at songdansen skal få ein naturleg plass i skulen, slik at ungdommane både får fysisk og kulturell fostring:

«Gøthe segjer: «Berre naar menneskja syng og leikar er ho heilt naturleg og seg sjølv.» Desse ordi peikar attende paa det eg nemnde fyrst her i kveld, um at me er fødde med tringen til aa finna uttrykk for det som rører seg i sjelelivet, ved rytmiske rørslor av kroppen.»

Les heile Føredraget her


Heile bokstaven B på Digitalarkivet finn du her

Bilete i svart-kvitt av Klara Semb som dansar med ein ukjent mann, medan ei ukjent dame ser på, foran eit stabbur.
Klara Semb dansar. Foto: Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Svart-kvitt bilete av ein gruppe unge folkedansarar som dansar saman i ring
BUL Nidaros på Stemna 1954 Steinkjer. Foto: Norsk institutt for bunad og folkedrakt.