Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nordlek

Noregs Ungdomslag er med i det nordiske samarbeidet Nordlek, som ein av 23 nordiske organisasjonar.
Samarbeidet femnar om dei store NORDLEK-stemnene som blir arrangerte kvart tredje år, BARNLEK-stemne for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemne som Isleik og Havleik, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.

16.-21. juli 2024 vart NORDLEK og nordisk sommarleir arrangert i Arendal, eit vellukka og storstilt arrangement!

Neste arrangement i Nordlek-regi er NORDLEK 2027 i Danmark.

Komande Nordlek-stemner

  • 2027 - Nordisk sommarleir for ungdom 16.-20. juli 2027 (Århus, Danmark)
  • 2027 - NORDLEK 21.-25. juli 2027 (Århus, Danmark)
  • 2028 - GRØNLEK (Grønland)
  • 2029 - BARNLEK 4.-8. juli 2029 (Sarpsborg, Noreg)
  • 2030 - NORDLEK (Sverige)

Nordlek-stemner i Noreg

Noregs Ungdomslag er ansvarleg arrangør for BARNLEK i 2032 og NORDLEK i 2036. Er ditt lag eller område interesserte i å vera lokal arrangør? Ta gjerne kontakt med oss!

Bli med på NORDLEK og NORDISK SOMMARLEIR 2027

21.-25. juli 2027 blir det NORDLEK-stemne i Århus i Danmark. I forkant av festivalen blir det arrangert nordisk sommarleir for ungdom, 16.-20. juli.

Følg med for meir info her.

Nordlek-utvalet

Samarbeidspartnar

  • Logo Forbundet Nordlek

    Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek

    Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.