NU-helga 2024
Velkomen til NU-helga 18. - 19. oktober i Bergen!
Noregs Ungdomslag inviterer til ei helg for både fylkeslag, folkedansinteresserte og teaterinteresserte. Det blir mykje å velge mellom: landsrådsmøte, seminar, samling på hus, teater- og folkedansfeltet, bursdagsfeiring for Klara Semb og nettverksmøte.
Vi håpar de vil dele helga med oss for ny fagleg input, inspirasjon og erfaringsutveksling.


Praktisk informasjon for deg som skal delta på NU-helga
Overnatting
Har du tinga overnatting gjennom påmeldinga er det til Thon Hotel Rosenkrantz Bergen du skal. Du sjekker inn i resepsjonen på vanleg måte.
Måltid
Middag: enkel middagsservering i Fensal i samband med feiring av Klara Seb 140 år i Kulturhuset Fensal, frå kl. 19:00.
Frukost: på hotellet for dei som har tinga hotellovernatting laurdag og sundag.
Lunsj: Kulturhuset Gimle laurdag og sundag.
Middag laurdag: i Kulturhuset Gimle frå kl. 18:00.
Fredag 18. oktober
Kl. 19:00 inviterer vi alle til å feire Klara Semb som den 17. oktober ville blitt 140 år.
Det blir enkel matservering, føredrag og skikkeleg bursdagsstemning.
Kulturrådgjevar Lene Storhaug kjem og til å fortelje om Klara Semb-arkivet som no har blitt digitalisert.
De kan lese meir om Klara Semb-arkivet her.
Stad: Kulturhuset Fensal, Bergen.
Kong Oscars gate 15, 5017 Bergen

Laurdag 19. oktober
På laurdag er det kurs, møte og dansefest du har å velje i.
10:00 - 16:00: landsrådsmøte
10:00 - 16:00: teaterkurs for vaksne
10:00 - 16:00: barneinstruktørkurs
10:00 - 16:00: hussamling
18:00: middag etterfulgt av dansefest, dansefesten startar 19:30
Landsrådsmøte
Landsrådet er eit rådgivande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan ein sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret om ein ønskjer dette.


Barneinstruktørkurs folkedans
Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også vera fokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing. Kurset er ein fin møteplass for å dele erfaringar, få fagleg påfyll, møte andre som driv med det same som deg og du får moglegheit til å prøve ut ulike metodar.
Instruktør: Siri Strige frå BUL Bodø.
Oppdatert informasjon om barneinstruktørkurs folkedans finn du er.
Teaterkurs for vaksne
Latterbrøl frå salen - korleis grave fram ein revysketsj?
Driv laget ditt med revy? Treng du eller laget inspirasjon til korleis de skal lage den perfekte revysketsjen? Då er dette kurset for deg.
Yvonne Algrøy er skodespelar, humorist og songar, og har i mange år jobba som revyinstruktør for voksne amatørar, og som kurshaldar for lokale amatørteatre, grupper og kor med showfaktor. Yvonne er tilknytta Vestlandske Teatersenter som instruktør for born og unge.


Hussamling - avlyst
Meir kunnskap, inspirasjon og ideutveksling står på programmet når Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda inviterer til kulturhuskonferanse 19. oktober.
Tema er korleis skape lokalt engasjement, skrive gode søknadar, støtteordningar og offentlege krav til drift av husa.
Sundag 20. oktober
Sundag 20. oktober blir det nettverksmøte for dei som driv med folkedans og teater i Noregs Ungdomslag. I tillegg blir det arrangert eit møte/utflukt for dei som er interessert i hus.
Les meir om nettverksmøte folkedans her.
Les meir om nettverksmøte teater her.

Prisar
Fredag: 350 kr
Laurdag: 500 kr
Laurdag inkludert middag: 850 kr
Sundag: 250 kr
+250 kr om du ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag.
Prisane gjeld uansett kva du ønskjer å delta på dei ulike dagane. Det vil si at du betaler det same uavhendig av til dømes kva kurs du ønskjer å delta på laurdag.
Overnatting
Enkeltrom: 1200 kr per natt
Dobbeltrom: 750 kr per natt per person
Overnatting skjer på Thon Hotel Rosenkrantz Bergen. Du tinger rom i påmeldingsskjemaet.