Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Kurs
  • Teater

Teaterkurs for vaksne

Hjarteleg velkomne til revykurs med Yvonne Algrøy!

  • BUL Ervingen, Kong Oscars gate 15, 5017 Bergen
  • 500
Tre personar på ei scene, i militærkostyme

Latterbrøl frå salen - korleis grave fram ein revysketsj?

Driv laget ditt med revy? Treng du eller laget inspirasjon til korleis de skal lage den perfekte revysketsjen? Då er dette kurset for deg.

Yvonne Algrøy er skodespelar, humorist og songar, og har i mange år jobba som revyinstruktør for voksne amatørar, og som kurshaldar for lokale amatørteatre, grupper og kor med showfaktor. Yvonne er tilknytta Vestlandske Teatersenter som instruktør for born og unge.

Kurset vil innehelde ulike bolkar:

  • Oppvarming
  • "Tørre å prøve"
  • Praktiske øvingar
  • Diskusjonar (kva må ein revy innehelde? Korleis vinklar eg ein aktuell samfunnssituasjon/nyhetssak til einsketsj?)
  • Improvisasjonar
  • Framsyningar for kvarandre
  • Jakten på ein karakter/rollefigur
  • Korleis gå frå tekst til scene?
  • Eig eg det eg skriv?

"Eg vonar eg kan bidra til å frigjere galskapen ein revy treng!"

Velkomen, hugs: alt er lov, ingenting er feil!

Praktisk informasjon for deg som skal delta på kurset:

Ta med:

  • Vannflaske
  • Behagelige klede
  • Låge skuldrar
  • Godt humør
Bilete av Yvonne Algrøy
Yvonne Algrøy

Fleire arrangement

Sjå alle
Dansefest
  • Folkedans

Eidsiva Fylkeslag

Sommerdans

Revyveien 2, 1718 Greåker, Norway

  • 150 kr
Leir
  • Folkedans,
  • Teater,
  • Bunad og handverk

Sommarleir 2026

Sunnmøre folkehøgskule, Ulsteinvik

Festival
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv

BARNLEK 2026

Raseborg, Finland

  • 250 Euro (ordinær)