NU-helga 2025
Velkomen til NU-helga 17.-19. oktober i Stavanger!
Noregs Ungdomslag inviterer til ei helg for både fylkeslag, folkedansinteresserte og teaterinteresserte. Her blir det mykje å melge mellom: Landsrådsmøte, kurs, fagsamlingar, nettverksmøter og sosiale arrangement.
Vi håpar de vil dele helga med oss for faglig input, inspirasjon og erfaringsutveksling.

Meld deg på her!

Praktisk informasjon for deg som skal delta på NU-helga
I år skal vi vere lagshuset til BUL Stavanger: Siddis-stova.
Adresse: Rektor Oldens gate 17, 4022 Stavanger

Overnatting
Om du har tinga overnatting gjennom påmeldinga skal du bu på Clarion Hotel Energy.
Adresse: Ishockeyveien 12, 4021 Stavanger
Du sjekker inn i resepsjonen på vanleg måte. Innsjekk frå kl. 15:00. Utsjekk er seinast kl. 12:00.
Frukost er inkludert. Både laurdag og sundag blir frokosten servert mellom kl. 07:00-11:00.
Frå hotellet til Siddis-stova er det ca. 12 minutter å gå.
Nærmaste haldeplassar til hotellet er:
Molkeholen (8 min å gå)
DNB Arena (7 min å gå)
Måltid
Middag fredag: Biff stroganoff med potetpuré, nysteikt surdeigsbrød, salat og pisket smør. Middagen blir servert i Siddis-stova.
Frukost: Hotellfrukost for dei som har tinga hotell.
Lunsj: Blir servert i Siddis-stova
Middag laurdag: Lasagne. Middagen blir servert i Siddis-stova.
Fredag 17. oktober
19:00 - Kulturkveld på Siddisstova og middag
Meny: Biff stroganoff med potetpuré, nysteikt surdeigsbrød, salat og piska smør.
Meir informasjon om kulturkvelden kjem.
Laurdag 18. oktober
På laurdag er det Landsrådsmøte og teaterkurs dukan velje mellom. Etter middagen kan du velje om du vil på teater eller konsert, eller om du vil vere i Siddis-stova for sosialt lag, spel og quiz.
10:00 - Teaterkurs: Skodespelarteknikk og ensemblearbeid
10:00 - Landsrådsmøte
13:00 - Lunsj
14:00 - Teaterkurs: Skodespelarteknikk og ensemblearbeid
14:00 - Landsrådsmøte
16:30 - Middag
18:00 - Teater: "Hvis byen lyser", Rogaland Teater (frivillig)
19:00 - Konsert: "Gorrlaus", Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén Warg (frivillig)
Teater: Hvis byen lyser
"Ei søking etter fellesskap: Kva er tilhøyrsle? Kva gjer ein stad til eit heim? Korleis ser sjela til byen ut – sett innanfrå? Og kva er det eigentleg som får ein by til å lysa?"
Etter suksessen med Cassandra vender Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer tilbake til Rogaland Teater med eit nytt scenisk verk – fritt inspirert av møta med menneska i Stavanger.
Her kan du lese meir om framsyninga og tinge billetter.
Konsert: Gorrlaus
Kirsten Bråten Berg (kveding) og Daniel Sandén-Warg (hardingfele og munnharpe) er to av dei fremste tradisjonsberarane innan folkemusikk. Konserten er ein sjeldan sjanse til å høyra den sterke og særprega folkemusikken frå Setesdal – levande formidla av to meisterlege utøvarar.
Landsrådsmøte
Landsrådet er styrets rådgjevande organ, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker.
Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan ein sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret om ein ønskjer dette.
Program for Landsrådsmøte 2025
- 10:00: Nytt frå organisasjonen, Årsrapportar 2024
- 10:30: Midtvegsevaluering av langtidsprogrammet, Gruppearbeid
- 12:00: Møteplassar - kva treng vi? Diskusjon og gruppearbeid, og kva møteplassar organisasjonen treng. Kva er viktig for medlemmane og laga?
- 13:00: Lunsj
- 14:00: Hypersys, kontigent og medlemmar
- 15:00: Fylkeslaga sin time


Teaterkurs: skodespelarteknikk og ensemblearbeid
Kurset passar for deg som vil reise heim med nokre fleire tips til korleis legge opp ei teaterøving, anten det er for unge eller vaksne. Kurset passar også for deg som trivast best på scena og ønskjer å lære meir om korleis jobbe med skodespel og rolleutvikling.
Kurset foregår i Siddis-stova, i lokala til Bondeungdomslaget i Stavanger.
Instruktør: Heidi Kristiansen (instruktør, regissør og pedagog)
Sundag 19. oktober
09:00 - Nettverksmøte (Teater, Folkedans og Barn og ungdom)
12:00 - Lunsj
13:00 - Vel heim!
Prisar
Middag og kulturkveld fredag: 350 kr
Laurdag: 500 kr
Middag laurdag: 350 kr.
Laurdag inkludert middag: 850 kr
Sundag: 250 kr
250kr kjem i tillegg om du ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag.
Prisane gjeld uansett kva du ønskjer å delta på dei ulike dagane. Det vil si at du betaler det same uavhendig av til dømes kva kurs du ønskjer å delta på laurdag.
Overnattinga kjem også i tillegg:
Enkeltrom fredag-sundag - 2900kr
Enkeltrom fredag-laurdag - 1450kr
Enkeltrom laurdag-sundag - 1450kr
Dobbeltrom fredag-sundag - 1800kr
Dobbeltrom fredag-laurdag - 900kr
Dobbeltrom laurdag-sundag - 900kr