Hopp til hovedinnhold
Nyheitsbrev

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 6. november 2026

6. november 2026

Ei gruppebilete med 6 menneske i, 5 damer og 2 menn. Dei er rundt eit stilas, der ein ligg på toppen, ei heng på sida, mens resten står under eller rundt. Dei smilar.  Bak er det ei scene med raud sceneteppe.

Bagabu Ungdomslag er finalist til Frivillighetsprisen 2026

Rundt 150 frivillige står på for å skape teaterglede, meistring og gode fellesskap for menneske i alle aldrar oppi Henning. Det synest vi fortener både heierop og stemmer.

Les meir om arbeidet dei gjer og stem dei fram her.

Foto: David B. Torch/Juvodden Agenter

💸 Frifond - fristane nærmar seg

Mottok de Frifond-midlar i 2025? Då er fristen for å rapportere på desse 30.november.

Har de fem eller fleire medlemmar under 26 år, med eit aktivitetstilbod til dei? Då må de hugse å søke Frifond i år. Søknadsfrist: 30. november.

Les meir om:

Rapportering her.

Å søke frifond-midlar her.

Nettmøte: Barneleikarring

Driv de med folkedans eller folkemusikk for barn og unge, eller har de lyst til å kome i gang? Bli med på nettmøtet for inspirasjon, erfaringsdeling og gode tips til aktivitets i laget.

📆 8. desember kl. 19.30
📍 Teams

🔗Les meir og meld deg på her

Nettmøte: lytteforhold i ungdomshusa

Korleis kan de skape gode lytteforhold for alle? Bli med på nettmøte om universell utforming, hørsel og enkle grep som kan gi betre oppleving i ungdomshus og andre forsamlingshus.

📆 9. desember kl. 18.00
📍 Teams

🔗 Les meir og meld deg på

Ungdomssamling på Dans Dans Dans

Vi samlar ungdom til ei eiga samling under Dans Dans Dans i Oslo! Hald av helga og gjer deg klar for dans, nye folk og ei skikkeleg fin festivalhelg. Meir informasjon kjem snart.

📆 29.–31. januar
📍 Oslo

NU anbefalar på Folkelarm

Skal du på folkelarm? Vi har plukka ut fire faglege høgdepunkt for deg som er oppteken av folkedans, folkemusikk og rekruttering. Ta ein kikk som finn det som passar deg!

👉🏼 Innhaldslister i musikkfaget – korleis ta dei i bruk?

👉🏼 Fag- og nettverkssamling: Kulturlaget
👉🏼 Rekrutteringsseminar – del 1
👉🏼 Rekrutteringsseminar – del 2

Det fyrste fagseminaret handlar konkret om korleis innhaldslister kan gjere det enklare å ta musikktradisasjonar i bruk i skulen, og er eit samarbeid mellom FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Folkedansutdanninga på Rauland

No kan du søkje på tre enkeltemne innan folkedans, folkemusikk og tradisjonskunst i Rauland. Alle gir 15 studiepoeng.

👉🏼 Folkedans 2: Tradisjon, bevegelse og musikkanalyse

👉🏼 Folkemusikk og folkedansmetodikk

👉🏼 Tradisjonskunst, håndverk og fagdidaktikk

Søknadsfrist: 15. november

🔗 Les meir her.

Som medlem i Noregs Ungdomslag får du ikkje berre tilgang til eit fellesskap av engasjerte folk, du får òg mange konkrete fordelar som rabattar og opplevingar!

🔗 Du finn oversikt over alle medlemsfordelane her.

Månadens medlemsfordel: Løvold Lyd

Noregs Ungdomslag har gleda av å presentere ein ny lagsfordel for våre medlemmar. Gjennom Løvold Lyd kan laget ditt no få råd og rettleiing knytt til lyd og lysutstyr, sjekklister og malar – samt rabattar på diverse teknisk utstyr til ungdomshuset.

🔗 Les meir om medlemsfordelen her.